Korona: Tilnærma vanleg rutetilbod

Publisert: 22.04.2020 Oppdatert: 05.06.2020

Skyss køyrer vanleg rutetilbod frå og med 11. mai.

Med alle skolane opne frå 11. mai, ber vi alle som kan om ikke å reise kollektivt. Kollektivtransporten har berre halv kapasitet på grunn av restriksjonane. 

Bruk reiseplanleggaren  og appen Skyss Reise for å sjekke rutetidene.

Nattavgangar for buss og bybane (inkl. Trygt Heim-rutene) startar opp att frå 1. juni. 

Båt og ferje går som normalt. 

Ekstratilbod til og frå Haukelandsområdet i rushtida morgon og ettermiddag opphører frå og med 22. mai.

Sjølv om rutetilbodet no blir normalt fleire stader, understrekar vi så sterkt vi kan at dette langt ifrå tyder at situasjonen er blitt normal. Desse reiseråda gjeld framleis: 

  • Unngå å reise kollektivt om du ikkje må  
  • Det er ditt ansvar å halde god avstand til alle rundt deg, også til førar 
  • Ikkje gå om bord utan at du ser at det er plass til å halde god avstand til andre reisande 
  • Ikkje sitt på avsperra seter
  • Ha god hand- og hostehygiene 
  • Dersom du er i karantene, sjuk eller har mistanke om at du er smitta, skal du IKKJE reise kollektivt 
  • Dersom du kan: Reis utanom rushtida, gå, sykle eller ha heimekontor 
  • Benytt bakre inngang på bussar 
  • Respekter restriksjonar knytt til betaling og kjøp av billett 
  • Ta omsyn til medreisande 

Her finn du meir om skoleskyss-restriksjonane.