Råd og anbefalingar i kollektivtrafikken

Publisert: 24.09.2021 Oppdatert: 10.11.2021

I september bestemte regjeringa at vi  gjekk tilbake til ein normal kvardag der korona-restriksjonane er avslutta. Men nokre anbefalingar er komen tilbake.

Bussane har opna framdørene, og folk kan igjen reise med buss, båt og bybane slik dei gjorde før pandemien.

I nokre kommunar har det etter gjenopninga blitt innført nye anbefalingar, og vi ber innbyggarane forhalde seg til eigen kommune og dei anbefalingane den til ein kvar tid har. 
Fra 22. november: Sjå munnbindpåbod i Bergen og kommunane rundt

Du kan no kjøpe billett om bord med kontantar

Skyss har skifta billettsystem i haust og dette har betydning for Skysskortet og kva billettar du kan kjøpe om bord. 

Desse billettane kan du no kjøpe om bord: 

  • Enkeltbillett 
  • 24-timarsbillett 

Dette kan du ikkje lenger gjere om bord i bussen:  

  • Kjøpe periodebillett 
  • Lese av Skysskortet på kortlesar 
  • Fylle på reisepengar på Skysskortet

Det er framleis anbefalt at alle som kan, kjøper billett på førehand via våre ulike kanalar for dette:

 

 

For å bruke Skysskort framover, må du bruke nettbutikken.