Sykkel-VM september 2017

Publisert: 10.02.2017 13:56:00 Oppdatert: 10.02.2017 13:58:33

Sykkel-VM vert arrangert i Bergen 16.-24. september 2017. Arrangementet vil få store konsekvensar for trafikk og framkomst i Bergen og områda rundt.

Skyss har i lang tid arbeidd med å leggje til rette kollektivtrafikken i denne perioden og nokre dagar før og etter.  Planlegginga skjer i tett samarbeid med andre involverte etatar.

Løypene for sykkel-VM vil vere offentlege vegar, som difor vil bli heilt eller delvis stengt under arrangementet. Dette skapar mange utfordringar for trafikkavviklinga i perioden. Stengingane påverkar Bybanen og alle Skyss sine busslinjer i Bergensområdet.

Detaljplanlegginga for kollektivavviklinga er ikkje ferdig enno, men etter kvart vil vi leggje all ruteinformasjon her på skyss.no. 

Les meir om sykkel-VM her 

Info til publikum fra Sykkel-VM