Nye ruter Sunnhordland frå 2. juli

Publisert: 06.06.2017 10:00:00 Oppdatert: 06.06.2017 10:00:43

Den 2. juli vert nytt anbod sett i verk i Sunnhordland, og Tide er valt som ny operatør.

Kollektivtilbodet i Sunnhordland har i stor grad vore uendra siden 2008. Transportbehovet har endra seg, det har blant anna kome nye utbyggings- og vekstområde og endringar i infrastruktur og skulestruktur. Dette påverkar reisemønsteret, og det nye busstilbodet er betre tilpassa dagens etterspurnad og behov. Fem linjer er slått saman til to linjer. Formålet med endringane er å styrke tilbodet der flest reisar, og gi gjennomgåande reisemoglegheiter mellom sentrale reisemål. Enkelte område med lågt passasjergrunnlag vil få eit redusert tilbod, mens andre område og linjer vil få eit utvida busstilbud.

Kollektivstrategien for Hordaland er overorda strategi for utviklinga av kollektivtilbudet i Hordaland. Det er utarbeidd ein politisk vedtatt trafikkplan for Sunnhordland. Planen gir føringar for rutetilbodet i Sunnhordland i eit 2-10 års perspektiv.

Her finn du trafikkplanen for Sunnhordland

Hovudendringa er at rutene i og omkring Leirvik er samla og styrka  i to hovudlinjer. Dette gir fleire avgangar og eit enklare linjenett i dette området. Det blir óg nokre endringar i rutene på dei andre linjane i Sunnhordland.

Her finn du detaljar om alle rutene

Svært miljøvenleg

Det kjem 52 nye bussar. Dette er 40 Volvo 8900 som er langrutebussar, 10 nye låggolvsbussar av typen MB Citaro og to minibussar.

Bussane har Euro 6-motor. Desse har vist oppsiktsvekkande resultater når det gjeld utslippsreduksjonUtslippene av NOx er redusert med over 90 prosent i forhold til de kjøretøyene som var i salg i 2014 med Euro V.

Det vert setebelte i alle bussane, unnateken låggolvsbussane.  

Bussanlegg
Nytt anlegg på Stord på Øvre Sæ skal stå klart ved oppstart 2. juli. I dag ligg anlegget ved Vabakkjen. Anlegget på Bømlo blir som i dag i Hollundsdalen.

Terminaler
Terminalen på Leirvik og Fitjar vert oppgradert, men til oppstart av nytt anbud vil kun ny terminal på Stokkabekken på Bømlo vere klar. 

Reiseplanlegger og Skyss mobilapp vil bli oppdatert med dei nye avgangane.

 Skyss app

I mobilappen «Skyss Reise» kan du planlegge reisa di og finne alle rutetider.
Appen er gratis og kan brukast på iPhone og Android smarttelefonar

Vi vil óg gjere merksam på vegarbeid som er starta opp i Leirvik og skal pågå til nyttår. Det kan gje utfordringar for kollektivtrafikken, så planlegg god tid på reisa di i dette området.  

 

Sunnhordland er det kontraktsområdet for kollektivtransport i Hordaland som ligg lengst sør.Illustrasjon fra årsrappoten 2016.

 Her finn du detaljar om alle rutene