No finn du ikkje lenger rutehefte i bussane

Publisert: 24.05.2016 08:42:36 Oppdatert: 30.05.2016 08:45:43

Stadig fleire kollektivreisande føretrekker å finne ruteinformasjon i digitale kanalar som skyss.no og mobilapp. Trykte rutehefte vert stegvis fjerna. Opplaget av trykte rutehefte blei redusert i Bergen ved start av sommerruter 2015, og dei blei fjerna frå bussane. Ein kunne framleis bestille rutehefte heim i posten eller hente det på Skyss kundesenter på Bergen busstasjon. 

Denne sommaren sluttar vi heilt å trykke rutehefte i Bergen. Dei som ikkje har mogligheit til å nytte dei digitale kanalane, og ikkje kan skrive ut skjølv, kan bestille utskrift heim i posten her på skyss.no eller ved å ringe 177. Skyss kundesenter på Bergen busstasjon kan óg gi deg utskrift av rutetabeller.

Digitale kanalar 

«Når noko forsvinn er det alltid nokon som vil sakne det gamle. Dette har vi stor forståing for, men heldigvis opplever vi likevel at dei aller fleste av kundane våre har forståing for tiltaket. Svært mange har for lengst gått over til å nytte digitale kanalar som skyss.no og mobilapp for ruteinformasjon», seier Hanne Alver Krum, sals- og marknadssjef i Skyss.

Trykte rutehefte blir fort utdaterte, medan det med digitale kanalar er enklare å nå ut til dei reisande med oppdatert og korrekt ruteinformasjon. Å slutte å trykke rutehefte er ei utvikling i heile kollektivtrafikkbransjen, både nasjonalt og i resten av Skandinavia.

For Bergen og omegn blir ikkje følgjande rutehefte trykte lenger, frå og med sommarrutene 27. juni:

  • Bergen sentrum inkludert Bergen vest og Åsane
  • Fana, Ytrebygda og Os

For desse områda blir rutehefte framleis trykte, men blir ikkje å finne om bord i bussane, frå og med sommarrutene 27. juni:

  • Askøy
  • Sotra og Øygarden
  • Osterøy og Arna
  • Nordhordland
  • Sunnhordland

For desse områda blir rutehefte framleis trykte, men blir ikkje å finne om bord i bussane, frå og med haustrutene i august:

  • Austevoll  (gjeld frå 15. august)
  • Hardanger og Voss  (gjeld frå 16. august)
  • Modalen og Vaksdal  (gjeld frå 16. august)

Båt og ferje vil framleis ha trykte rutehefte om bord.

Ved å trykke færre rutehefte, og etter kvart kutte trykkinga heilt, sparer vi både pengar og miljø. Det Skyss sparer vil bli brukt på å utvikle kollektivtilbodet vidare, blant anna gjennom å forbetre tilgangen til og kvaliteten på den digitale ruteinformasjonen.

Her finn du ruteinformasjon:

Skyss.no
Her finn du reiseplanleggar og alle rutetider. Du kan skrive ut rutetabellen for din linje, eller bestille rutehefte heim i posten (trykte rutehefte kun for Hordaland utanom Bergen).

Skyss mobilappar
I mobilappane «Skyss Reiseplanlegger» og «Skyss Reise» kan du planlegge reisa di og finne alle rutetider. Begge appane er gratis og kan brukast på iPhone og Android smarttelefonar.

Skyss kundesenter
Skyss kundesenter på Bergen busstasjon hjelper deg gjerne med ruteinformasjon og andre spørsmål. Her finn du óg rutehefte (trykte rutehefte berre for Hordaland utanom Bergen).

Ring 177
Ring oss for ruteinformasjon eller for å få tilsendt rutetabell.

For bestilling av rutetabell sjå her

 

Avgangsvisning skjerm
Her kan du setje opp din eigen skjerm med ruteinformasjon, som ved hjelp av ein URL (nettadresse) kan bli vist på datamaskin, telefon, nettbrett eller TV-skjerm. Avgangsvisning på skjerm er tiltenkt små og store bedrifter, avgangshallar, kjøpesenter og lignande, men kan brukast av alle. Løysinga er gratis.

Avgangsvisning