Smittevern i kollektivtrafikken – kven har ansvar for kva?

Publisert: 16.11.2020 Oppdatert: 16.11.2020

Takk for at du bidrar til å redusere smittespreiinga. Slik er ansvarsfordelinga for smittevern i transportmidla:

Helsemyndigheitene både nasjonalt og lokalt har sett i verk tiltak for å avgrense spreiing av Covid-19.

Skyss følgjer dei råda og tiltaka som gjeld kollektivtrafikken. Vi informerer på nettsidene våre og på skjermar på transportmiddel og terminalar om kva tiltak som gjeld.

Dei reisande skal halde seg oppdatert om kva smittevernreglar som gjeld og følgje desse, vise omsyn, halde avstand til andre reisande og bruke munnbind der dette er pålagt.

Førarane skal konsentrere seg om å få transportmiddelet trygt fram. Dei har difor ikkje ansvaret for smittevern eller avstandskrav om bord. I nokre høve vil førar nytte mikrofonen for å gi informasjon til dei reisande.

Operatørselskapa har sett i verk ekstra reinhaldstiltak i transportmidla.

Du finn reiseråda her

Dersom du framleis har spørsmål om smittevern i kollektivtrafikken, ikkje nøl med å ta kontakt med oss