Tiltak for betre trafikkflyt frå Sotra måndag 16. april

Publisert: 12.04.2018 08:02:34 Oppdatert: 12.04.2018 13:01:45

Slik tar du buss frå Sotra og Øygarden.

Sotrabrua er dimensjonert for 12 000 bilar i døgnet. No passerar det omlag 30 000, og det skapar store køar frå/til Sotra og Bergen i rushtida.

Fjell kommune ønskjer å gjere noe for å prøve å betre situasjonen, og sett frå 16. april i verk ein del tiltak for å styre biltrafikken. Det er god samfunnsøkonomi å leggja til rette for god framkomst i trafikken. Kø er kostbart og frustrerande for trafikantane. Tiltaka vert gjennomførte som eit samarbeid mellom Statens vegvesen, Hordaland fylkeskommune/Skyss, Politiet, Fjell kommune og nabokommunane.

Det vert ikkje endringar i busstilbodet eller trase frå 16. april, men tiltaka skal betre framkomme for kollektivtransporten. 

Godt kollektivtilbod

Det er godt kollektivtilbod frå Straume terminal mot Bergen. Frå Straume terminal til Bergen sentrum går det buss med 6-8 minutt frekvens i rushtida og reisetida er berekna til 22 minutt ved normal trafikk. 

Ved Straume terminal finn du innfartsparkering for bil og sykkel. Sjå meir info her

Tiltak biltrafikk:

  • Tiltak langs vegen mellom Bildøyna og Straume - kryss riksveg 555/Bildøyvegen (Bildøypollen): Innkøyring forbode, kl. 06.00 - 09.00 måndag - fredag. Unntak for innkøyring til Sotra Cementvarefabrikk.
  • Innkøyring på rv 555 på Straume retning Bergen. Forbod måndag - fredag kl. 06.00 - 09.00.
  • Arefjordsbrua. Forbod mot køyring over Arefjordsbrua retning Valen/rv. 555, måndag - fredag kl. 06.00 - 09.00.
  • Lyskryss rv 555/Arefjordsvegen (Valenkrysset), auka lengde tid for grønt lys.
  • Påkøyringsfelt Hjelteryggen, planarbeid er starta opp.

Rutetider og billett

Det beste tiltaket er likevel å la bilen stå. Her kan du sjå busstilbodet frå Sotra og Øygarden

Bruk reiseplanleggaren for å planlegge reisa di

Slik kjøper du billett

Her finn du informasjon om appane til Skyss, Skyss reise og Skyss billett 

TILTAK BILTRAFIKKEN

Her er informasjon om tiltaka på nettsida til Fjell kommune