Skyss støttar «Regnbuedagene»

Publisert: 31.05.2018 12:08:53 Oppdatert: 31.05.2018 14:58:59

«Regnbuedagene» blir arrangert i perioden 2. - 9. juni.

Markedssjef i Skyss, Hanne Alver Krum

Fylkestinget i Hordaland har vedtatt ein eigen handlingsplan mot diskriminering av lesbiske, homofile, bifile og transpersonar. For å støtte oppunder dette, vil Skyss pynte bussar og bybanevogner med regnbogeflagg under «Regnbuedagene» i Bergen.

Fylkesordførar Anne Gine Hestetun meiner dette vil vere ei god og synleg markering av fylkeskommunen si haldning til dette viktige arbeidet.

Flagg på bussar og Bybanen

– I Oslo har dei i fleire år markert regnbogedagane med flagg i kollektivtrafikken, og vi synest det er flott at vi i Skyss og Bergen nå skal gjere det same, supplerer marknadssjef i Skyss, Hanne Alver Krum (bilete). 

På Bybanen kan du sjå regnbogeflagga heile veka, medan på bussane i bergensområdet vert det flagg på paradedagen 9. juni.