Skal teste ut transport for framtida

Publisert: 28.11.2018 08:50:00 Oppdatert: 28.11.2018 08:50:00

– Samfunnet endrar seg raskare enn før, seier fylkesordførar Anne Gine Hestetun etter at Hordaland fylkeskommune har fått 12,5 millionar kroner av staten for å teste ut smarte transportløysingar for framtida. Mellom anna er sjølvkøyrande elektriske minibussar i Bergensområdet aktuelt.

SAMARBEID PÅ TVERS:Fylkesordførar Anne Gine Hestetun i Hordaland fylkeskommune og finansbyråd Håkon Pettersen i Bergen kommune samarbeidar om å finne smarte transportløysingar.

Dette er eit samarbeidsprosjekt mellom Hordaland fylkeskommune, Skyss, Bergen kommune og mange andre aktørar. Prosjektet har fått namnet «Mobilitetslaboratorium for utvikling av smarte transportløysingar» (MUST) og skal halde til hos InnoLab som er Bergen kommune sin seksjon for digitalisering og innovasjon. 

Skal styre og leie teknologisk utvikling 

– Vi skal ikkje berre vere med på den teknologiske utviklinga, vi skal styre og leie den. Med MUST tek vi initiativ til å utvikle morgondagens transportløysingar, til det beste for folk som bur og lever i regionen vår, seier fylkesordførar Anne Gine Hestetun. 

– Data er den nye olja, og arbeidet i offentleg sektor blir meir og meir datadrive. Det er flott at vi i dette prosjektet skal samlast på tvers av forvaltningsnivå og saman med private aktørar, seier finansbyråd Håkon Pettersen. 

Dele kunnskap med kvarandre 

MUST skal knytte saman offentlege og private aktørar for å teste ut nye måtar å reise på i framtida. Målet er at dei offentlege aktørane skal dele data og kunnskap både med kvarandre og med private aktørar, som får bruke dette til å utvikle nye og brukarvennlege løysingar. Når nye konsept er utvikla, skal innbyggarane i regionen vere med på å teste dei i kvardagen. 

Døme på konsept som kan bli utvikla og testa:

  • Bestillingstransport med samkøyring basert på planlegging i sanntid (prosjekt i regi av Bergen Taxi)
  • Sjølvkøyrande elektriske minibussar i Bergensområdet
  • Ulike konsept for mating til bybanestopp frå arbeidsplassar og buområde
  • Sensorbaserte løysingar som prioriterer gåande og syklande i lysregulerte overgangar
  • Elektrifisering av hamnar og fartøy i kombinasjon med teknologi for automatisering og samvirke 

Fem fylkeskommunar får 100 millionar kroner

I alt blir det fem slike testlaboratorium i landet som skal dele 100 millionar kroner gitt av samferdselsdepartementet. Hordaland fylkeskommune er ein av fem fylkeskommunar som får slikt testlaboratorium.

Saka er frå Hordaland.no