Sjekk om det er fullt på buss eller Bybanen

Publisert: 21.08.2020 Oppdatert: 21.08.2020

Her kan du sjå kapasitet på alle avgangane og planlegge reisa di.

Å halde god avstand er eit av smitteverntiltaka om bord i kollektivtrafikken. På nokre avgangar har det vist seg å vere vanskeleg i overhalde avstandskrava. Skyss har difor utvikla ei nettside som viser korleis kapasiteten har vore sist veke på dei ulike avgangane i området Hordaland. 

No kan du sjekke om bybanen eller bussen vanlegvis er full når du planlegg å reise og kan tilpasse reise di til ein avgang det er færre passasjerar om bord. Tala som vert viste er historiske, men du kan likevel lettere forutse når det er ledig kapasitet. Sjølv om vi kan ikkje garantere at situasjonen er den same i dag eller i morgon som den var i går eller fleire dagar tilbake.

Løysinga er ein prototype som er under løpande utvikling. 

Her finn du passasjertellaren

Forklaring til skjembilda i løysinga:

På mobil: Vil du endre tidsintervallet, trykk på området du vil flytte markøren til (kan ikkje trekkast).

Finn dei grøne avgangane dei neste tre timane for valde linjer: 

Bybanen

Linje 2

Linje 3

Linje 4

Linje 5

Line 6

Linje 300

Lag din eigen direktelink til di linje:
Byt ut linjenummer i slutten av denne nettadressen: https://kapasitet.skyss.no/Green?Line=1 

Forklaring til dataene 
Skyss nyttar utstyr om bord som teller passasjerane. Desse tala er ikkje nødvendigvis heilt nøyaktige for kvar avgang, og vi har ikkje utstyr på alle køyretøy. Det kan difor finnast feil i datagrunnlaget. 

Her er dei gjeldande koronatiltaka for kollektivtrafikken.