Sjekk om bussen har ledig plass akkurat no

Publisert: 08.12.2020 Oppdatert: 08.12.2020

Reiseplanleggaren er oppdatert. Den største nyvinninga er at no kan du sjå om det er god plass eller lite ledig plass om bord i bussen før den kjem til deg.

Søker du i reiseplanleggaren vil du sjå eit symbol som viser kor mykje ledig plass det er om bord.

Du får sjå kor full bussen er 15 minuttar frem i tid og det blir fortløpande oppdatert i forhald til kor mange som til ein kvar tid er om bord i bussen.

Denne tenesta er synleg på alle bussavgangar som har automatisk passasjerteljing. Dette gjeld no dei fleste i bergensområdet og kommunane rundt.

Gjeld ikkje Bybanen eller båt i denne omgangen.

Dersom du ikkje ser ny versjon i din nettlesar med ein gong, trykk på last innhald på nytt - knappen i nettlesaren din.

 

Fleire endringar i den nye versjonen: 

  • Du kan justere kor langt du er villig til å gå til haldeplassen når du gjer eit reisesøk.
  • Gangavstand vert vist også i meter (i tillegg til minuttar)
  • Er avgangen innstilt vil dette vises tydeleg med blinkande lys på avgangen. 
  • Fikset nokre tekniske feil 

Desse endringane er no lansert i reiseplanleggeren her på skyss.no og i appen «Skyss Reise».

Passasjeteljar: Her er ei anna teneste kor du kan sjå kor fullt det vanlegvis er om bord
Den byggjer på historiske data og viser ikkje korleis det er akkurat no.