Sjekk kor full bussen er før han kjem

Publisert: 30.08.2021 Oppdatert: 30.08.2021

Sjå om det er mykje eller lite ledig plass om bord når du står på haldeplassen.

I reiseplanleggaren kan du opptil eit kvarter før bussen kjem, sjå korleis kapasiteten er om bord.

Dei tre menneskesymbola framfor kvar avgang blir fylt opp etter kor full bussen er:

Sjekk direkte på haldeplassen

No lanserer vi også denne moglegheita på sanntidsskilta og på skjermane med avgangsinformasjon på haldeplassar. Den same logikken for å vise kor full bussen er, ligg bak, men utan fargar.


Sånn ser det ut på sanntidsskilta på haldeplassane


På skjermane ser det sånn ut, og du kan sjå om det er mykje eller lite ledig plass på bussane som kjem. Her ser vi at linje 4 og 6 har noko ledig plass på neste avgang, mens dei andre har god plass på bussen.