Takk, sjåfør!

Publisert: 14.03.2016 Oppdatert: 18.03.2016

Tommy Brundtland har vore bussjåfør i 25 år.

Fredag 18. mars er den internasjonale sjåførdagen. 

Kvar einaste dag, døgnet rundt, har Skyss sine operatørar sjåførane sine ute for å bringe alle reisande trygt til og frå heimen til jobb, skole og andre aktivitetar. 54 millionar kollektivreiser vart gjort i Hordaland i fjor, og kvar einaste ein er avhengig av at nokon fører bussen, banen eller båten. Skyss vil på "Sjåførenes dag" takke alle dei nærare 1800 dyktige sjåførane som utfører denne viktige og ansvarsfulle jobben her i Hordaland. 

Vi møter ein av dei, Tommy Brundtland, på Busstasjonen. Han har ein kort pause mellom to turar. Tommy har vore på vegane lenge, no jobbar han for Tide Buss, ein av mange operatørar som køyrar for Skyss og Hordaland fylkeskommune. Der vil dei feire sjåførdagen med flaggheising og kake.  

– Å vere bussjåfør er eit kjekt yrke, eg har trivst veldig godt. Sjølv om eg har vurdert å bytte jobb innimellom, har eg alltid endt opp med at eg vil være sjåfør, seier Tommy.

Spesielt godt likar Tommy dei fleksible arbeidstidene, og tidlegvakt er aller best.

– Da blir eg tidleg ferdig og har heile dagen igjen. Men det er ikkje like kjekt å stå opp klokka halv fem om morgonane, smiler 45-åringen som påstår han er B-menneske.

No har han redusert stillinga si i eit år. Då skal han få tid til alt som elles blir liggande. Allereie har han pussa opp hytta og huset. Han planlegg fleire utanlandsreiser. Og kanskje blir det tid til å stifte familie óg, smilar ungkaren. 

Mykje har endra seg på dei 25 åra Tommy har vore sjåfør.

– Det er færre som pratar med oss no enn før, dei fleste går inn bakdøra, sjølv om begge dørene er opne. Kan vere dei er redde for å bli oppfatta som snikarar, når dei ikkje skal kjøpe billett hos sjåføren meir, trur Tommy.

– Eg liker å køyre bussen. Å kome til nye plassar, ikke ha faste ruter heile tida. Då får man sett meir av byen. Favorittruta er den som ingen av dei andre likar, linje 10 til Mulen. Der er det trongt og smalt, og eg må vere skikkeleg våken, bruke spegelen og sjå at det er plass. Det krev meir enn å dure fram og tilbake på ein motorveg, seier Tommy og ser på klokka. No må han køyre for å halde ruta til Olsvik. 

Vi seier takk til Tommy, og oppmodar alle til å nytte høvet til å takke sjåføren - både fredag og andre dagar. 

Sjå den internasjonale sida for sjåførdagen