Vi tilbyr ikkje lenger 10 klipp

Publisert: 15.01.2018 10:45:59 Oppdatert: 23.01.2018 11:39:22

1. februar er det prisjustering og litt endring i billettypar.

Her er generell informasjon om pris- og billettendrigane frå 1. februar

Frå og med 1. februar 2018 tilbyr vi ikkje lenger 10 klipp. 

Du kan nytte reisepengar og favoritt i staden. Slik gjer du det:

På billettautomaten:

Fyll reisepenger på Skysskortet. Vel beløpet du vil fylle på, betal med kort eller kontant og lagre beløpet på Skysskortet ved å halde kortet mot lesaren. 

Registrer Skysskortet ditt på nytt. Kjøp ein enkeltbillett. Når du får spørsmål om du ønsker å lagre billetten som favoritt, svar Ja.  

Billetten betalar du ved å halde Skysskortet mot lesaren. Du har no ein gyldig billett som ligg på Skysskortet. 

Neste gong du reiser, held du kortet mot kortlesaren inne på buss/bane. Då kjøper du automatisk den same billetten kvar gong.

På billettautomaten finn du óg informasjon om korleis du gjer dette. Trykk på "Savner du 10 klipp?".

Har du allereie kjøpt 10 klipp?

Har du kjøpt 10 klipp før 1. februar, kan du bruke dei fram til og med 31. juli 2018. Har du fleire klipp igjen etter det, kan du få pengane refundert på Skyss kundesenter. 

Ring Skyss kundesenter på 55 55 90 70 dersom du treng hjelp!