Sanntid og reiseplanleggar i samme app

Publisert: 21.11.2016 16:23:54 Oppdatert: 22.11.2016 14:53:01

Appen «Skyss Reise» gjer deg oppdatert informasjon om når buss, båt og bybane går i Hordaland, og moglegheit til å planlegge reiser.

Nyleg slapp vi ny versjon av Skyss Reise. No slepp du to appar og kan planlegge reisa i den oppgraderte Skyss Reise-appen.  Den inneheld no både sanntid og reiseplanleggarfunksjon.

Appen har desse hovudfunksjonane:

  • Du kan planlegge reisa di, og få vite den enklaste måten å reise på. Søk på adresse, haldeplass, merk av på kart eller finn haldeplassane i nærleiken.
  • Du kan få opp kva haldeplassar som er i nærleiken.
  • Du kan søke etter aktuelle haldeplassar for å få informasjon om kommande avgangar.
  • Du kan søke på linjer som betener haldeplassar du har valt og få informasjon om kommande avgangar, og du kan sjå avgangstid frå haldeplassane langs traseen.
  • Du kan leggje inn favorittar og få oversyn over dine valte favorittstrekningar, favoritthaldeplassar kombinert med vald linje og planlagde reiser.
  • Avgangar med sanntid er markerte med oransje farge, og viser når bussen er berekna å køyre frå din valde haldeplass.
  • Applikasjonen viser deg avgangstid i sanntid frå busshaldeplassar i Bergen, Askøy, Sotra, Øygarden, Os og Nordhordland.
  • Appen viser òg tidtabell-tider for buss, bybane, båt, ferje og tog i heile Hordaland.

Appen «Skyss Reiseplanlegger» (svart ikon) vil i løpet av desember 2016 ikkje fungere lenger  og kan  slettast frå mobilen, då denne funksjonen no er inkludert i «Skyss Reise»-appen.

Du kan laste ned applikasjonen gratis i Google Play og i App Store ved å søke etter "Skyss Reise".

Gje oss gjerne ros og ris via kontaktskjema