Reisetips til turar i Hordaland

Publisert: 20.07.2017 08:44:00 Oppdatert: 20.07.2017 12:33:20

Vil du utforske Vestlandet i sommar? Her får du reisetips til ulike reisestadar i Hordaland. Reis med rutebuss, båt eller bybane når du skal oppleve Bergen eller fjordane.

Her er våre tilrådde reiseruter. Sjå plassering på kart og les meir om korleis du kjem deg dit.

Ulriksbanen
Akvariet

Gamlehaugen

Fantoft Stavkirke
Troldhaugen
Hordamuseet
Arboretet
Lysøen
Gamle Bergen
Damsgård hovedgård
Vannkanten og Iskanten
Alvøen hovedgård
Meland Golf
Nordsjøfartmuseet i Telavåg
Herdla
Fjell festning
Sommerskisenteret i Jondal
Trolltunga
Fjordopplevelser
Sunnhordland (Bergen– Stord)
Nordhordland (Bergen – Frekhaug – Knarvik)
Askøy (Bergen – Kleppestø)

Ulriksbanen

Med buss:

  • Beskriving: Ta linje 2 Birkelundstoppen eller linje 3 Sletten, begge frå Småstrandgaten (perrong M) i Bergen sentrum. Du kan óg ta linje 12 Montana/Lægdene frå Festplassen (perrong K) eller Bergen busstasjon (perrong B). Gå av på haldeplassen «Haukeland sjukehus nord».
  • Reisetid: ca. 10 minutt.
  • Frekvens: avgang ca. hvert 10. minutt.

AkvarietPingviner på Akvariet

Med buss:

  • Beskriving: Ta linje 11 Nordnes frå Småstrandgaten
    (perrong L) eller Olav Kyrres gate (perrong H) i Bergen sentrum. Gå av på Nordnes (haldeplass «Akvariet»).
  • Reisetid: ca. 10 minutt.
  • Frekvens: avgang ca. 1 gong pr. time.

Gamlehaugen

Med buss:

  • Beskriving: Ta linje 51, 53, 60 eller 67 frå Nordahl Bruns gate (perrong I) eller Bergen busstasjon (perrong J). Gå av ved «Fjøsangerkrysset».
  • Reisetid: ca. 15 minutt.
  • Frekvens: varierende.

Fantoft Stavkirke

Med Bybanen:

  • Beskriving: Ta linje 1 Bergen lufthavn (Bybanen) frå Bergen sentrum (Byparken, Nonneseter eller Bystasjonen). Gå av på stoppet som heitar «Fantoft» eller «Paradis». Frå Bybanestoppet er det ca. 10 min å gå til kyrkja. 
  • Reisetid: ca. 20 minutt.
  • Frekvens: avgang ca. kvart 5.–10. minutt.

Troldhaugen

Med Bybanen:

  • Beskriving: Ta linje 1 Bergen lufthavn (Bybanen) frå Bergen sentrum (Byparken, Nonneseter eller Bystasjonen). Gå av på stoppet som heitar «Hop» og gå tilbake i retninga du kom frå. Ta til venstre og gå inn Troldhaugvegen. Følg skilta derifrå. Frå Bybanestoppet er det ca. 30 minutt å gå.
  • Reisetid: ca. 20–25 minutt.
  • Frekvens: avgang ca. kvart 5.–10. minutt

HordamuseetPå tur med barn

Med Bybanen og buss:

  • Beskriving: Ta linje 1 Bergen lufthavn (Bybanen) frå Bergen sentrum (Byparken, Nonneseter eller Bystasjonen) til Lagunen og bytt til linje 60, 61, 62 eller 64 til Stend.
  • Reisetid: ca. 40 minutt + overgangstid.
  • Frekvens: avgang ca. kvart 5.–10. minutt med Bybanen, bussavgangane varierer. 

Arboretet

Med Bybanen og buss:

  • Beskriving: Ta linje 50E Sandsli frå Bergen busstasjon (perrong E) eller Olav Kyrres gate (perrong B) til Birkelandsskiftet terminal og bytt til linje 53 Milde. Kan óg ta linje 1 (Bybanen) frå Bergen sentrum (Byparken, Nonneseter eller Bystasjonen) til Birkelandsskiftet terminal og bytt til linje 53 Milde.
  • Reisetid: ca. 50 minutt.
  • Frekvens: ca. kvart 5.–10. minutt med Bybanen, bussavgangane varierer.

Lysøen

Med Bybanen og buss:

  • Beskriving: Ta linje 1 Bergen lufthavn (Bybanen) frå Bergen sentrum (Byparken, Nonneseter eller Bystasjonen) til Lagunen. Reis vidare med linje 62 frå Lagunen (perrong D) til Buena kai.
  • Båten «Ole Bull» går frå Buena kai til Lysøen kvar heile time i museets opningstid og ved behov.
  • Reisetid til Buena kai: ca. 1 time + overgangstid.
  • Frekvens: varierer.
  • NB! Gjeld kun måndag–fredag.

Gamle Bergen

Med buss:

  • Beskriving: Ta linje 3 Støbotn frå Småstrandgaten (perrong L) eller linje 4, 5 eller 6 frå Festplassen (perrong J). Linjene går óg frå Torget (perrong N eller O) og Bryggen. Gå av på stoppet «Gamle Bergen» (ved Sandviken sykehus) og gå under hovudvegen. Følg skilta vidare.
  • Reisetid: ca. 15 minutt.
  • Frekvens: avgang ca. kvart 5. minutt.

Damsgård hovedgård

Med buss:

  • Beskriving: Ta linje 16 Nipedalen eller 17 Gravdal frå Olav Kyrres gate (perrong B) til Damsgård hovedgård.
  • Reisetid: ca. 10 minutt.
  • Frekvens: avgang ca. kvart 15. minutt.

Vannkanten og Iskanten

Med buss:

  • Beskriving: Ta linje 5/6 Loddefjord/Vadmyra frå Olav Kyrres gate (perrong C) til Loddefjord terminal. Gå av på «Loddefjord terminal». 
  • Reisetid: ca. 15 minutt.
  • Frekvens: avgang ca. kvart 10 minutt.

Alvøen hovedgård

Med buss:

  • Beskriving: Ta linje 5/6 Loddefjord/Vadmyra frå Olav Kyrres gate (perrong C) til Loddefjord terminal og bytt til linje 42 Alvøen.
  • Reisetid: ca. 40 minutt + overgangstid.
  • Frekvens: varierer

Meland Golf

Med buss:

  • Beskriving: Ta linje 320 Knarvik frå Bergen busstasjon (perrong C), Festplassen (perrong J), Torget (perrong P) eller Bryggen til Flatøy. Bytt til linje 341 Rossland eller Skjelanger. Gå av på busstoppet «Fløksand nord».
  • Reisetid: ca. 1 time.
  • Frekvens: varierer.

Nordsjøfartmuseet i Telavåg

Med buss:

  • Beskriving: Ta linje 450 frå perrong G på Bergen busstasjon eller Olav Kyrres gate (perrong E) til Skogsskiftet. Bytt til linje 458/459 til Telavåg.
  • Reisetid: ca. 75 minutt + overgangstid.
  • Frekvens: varierer. 

Herdla

Med buss:

  • Beskriving: Ta linje 495-499 frå Bergen busstasjon (perrong F) eller Olav Kyrresgate (perrong F) til Herdla. Bussbytte på Kleppestø eller Ravnanger må påreknas.
  • Reisetid: ca. 70 minutt + overgangstid.
  • Frekvens: varierer. 

Fjell festning

Med buss:

  • Beskriving: Ta linje 450 frå Bergen busstasjon (perrong G) eller Olav Kyrres gate (perrong E). Gå av på stoppet «Søre Fjell».
  • Reisetid: ca. 30 minutt.
  • Frekvens: avgang ca. 1 gang pr. time.

Sommerskisenteret i Jondal

(29. april – september/ oktober)

Med buss og båt:

  • Beskriving: Ta linje 925 frå Bergen busstasjon (perrong O) til Norheimsund, og fortsett med båt fra Norheimsund båtkai til Herand båtkai. Ta linje 980 vidare frå Herand til Jondal og bytt til linje 982 til Folgefonn Sommerskisenter.
  • Reisetid: ca. 3 timer.
  • Frekvens: varierer.

Trolltunga

Med buss og taxi:

  • Beskriving: Ta linje 930 frå Bergen busstasjon (perrong O) til Odda. Ta linje 995 til Skogly snuplass eller taxi frå Odda til startstaden for turen.
  • Reisetid: ca. 3 timar.
  • Frekvens: varierer.

FjordopplevelserSteinsdalsfossen

Med buss Bergen – Norheimsund (Steinsdalsfossen)

  • Beskriving: Ta linje 925 frå Bergen busstasjon (perrong O) til Norheimsund (evt. gå av på stoppet «Steinsdalsfossen» få minutter frå Norheimsund om ein ynskjer å oppleve fossen).
  • Reisetid: ca. 1,5 time.
  • Frekvens: varierer.

Med buss Voss – Gudvangen

  • Beskriving: Ta linje 950 frå Voss til Gudvangen.
  • Reisetid: ca. 1 time.
  • Frekvens: varierer.

Mellom Bergen og Voss tilrår vi tog (se nsb.no).
Fjordsightseeing mogleg frå Norheimsund og Gudvangen.

Sunnhordland (Bergen – Stord)

Med båt:

  • Beskriving: Ta båt frå Strandkaien båtterminal (stoppar på Flesland, Hufthamar, Bekkjarvik, Rubbestadneset og Leirvik).
  • Reisetid mellom Bergen og Leirvik: ca. 2 timer, (rundtur er mogleg).
  • Frekvens: ca. 2 avgangar dagleg kvar veg.

Nordhordland (Bergen – Frekhaug – Knarvik)

Med båt:

  • Beskriving: Ta båt frå Strandkaien båtterminal (stoppar på Frekhaug og i Knarvik).
  • Reisetid: ca. 30 minutt (mellom Bergen og Knarvik).
  • Frekvens: ca. 6 avgangar dagleg i kvar retning.

NB! Innstilt 3. juli t.o.m. 4. august 2017.

Askøy (Bergen – Kleppestø)Askøybåten

Med båt:

  • Beskriving: Ta båt frå Strandkaien båtterminal til Kleppestø.
  • Reisetid: ca. 12–13 minutt.
  • Frekvens: 1–2 gonger i timen mellom kl. 6.05 og 18.00 på kvardagar, laurdag varierer (ingen avgangar søndag).

Merk at opningstidene hos attraksjonane kan variere gjennom sesongen. Oppgjeven frekvens på avgangane er rettleiande.

For rutetider sjå "Ruter og kart" i hovedmenyen.

Gyldig i perioden mai–september 2017
Med atterhald om endringar.

Her finn du linjekart tilpassa utfluktsforslaga for: 

Last ned nyttige appar

Reiseplanleggar for web