Dette kan du ha med deg på reisa

Publisert: 13.07.2021 Oppdatert: 13.07.2021

Du kan ha med deg

Du kan fritt ta med handbagasje med samla vekt på inntil 20 kg for kvar billett, forbehald om plass. Bagasjen må plasserast slik at den ikkje er i vegen for andre reisande eller hindrar på- og avstiging.

Sykkel
Du kan ha med deg samanleggbar sykkel, sparkesykkel og ståhjuling gratis. På buss og Bybanen har sykkel/stor sparkesykkel/ståhjuling same pris som barn. Ein kan kun ta med desse på bussar med eigna plassering dersom det er ledig plass og sjåføren finn det forsvarleg.

Nyttig informasjon om reisa finn du her