Reise til Bergen sentrum laurdag 23. november?

Publisert: 14.11.2019 Oppdatert: 14.11.2019

I samband med Lysfesten ved Lille Lungegårdsvann i Bergen sentrum laurdag 23. november set Skyss inn fleire avgangar på buss, bane og Askøyruta (båt).

Vi oppmodar alle om å rekne god tid denne dagen, då det er svært mange som skal reise på same tid. Erfaring tilseier at det blir kø og forseinkingar til og frå sentrum i perioden før og etter Lysfesten. Sidan Olav Kyrres gate er stengd i år er det ekstra utfordrande med tilgjengelige vegar og plass på haldeplasser. 

Politiet stenger Kaigaten av tryggleiksårsakar ca. kl. 15:30-17:30. Dette påverkar Bybanen, som ikkje får betent haldeplassane i sentrum i perioden, samt busslinjer som får litt lengre veg til Bergen busstasjon. 

Terminalkart Bergen sentrum

Terminalkart Bergen busstasjon

Ekstra avganger for buss

Skyss set inn ekstra bussar på fleire avgangar før og etter Lysfesten. Desse bussane køyrer samtidig som avganger som er satt opp i rutetabellen og reiseplanleggar. 

  • Linjer som blir styrka før Lysfesten: 1, 2, 50E, 300 og 600
  • Linjer som blir styrka etter Lysfesten: 1, 2, 4, 5, 10, 15, 40, 50E, 51, 81, 83, 300, 445, 481, 600

Ekstra avganger for Askøyruta

Båten mellom Kleppestø og Strandkaiterminalen får to ekstra avgangar kvar veg. 

  • Frå Kleppestø: kl. 17:30 og 18:00
  • Frå Strandkaiterminalen: kl. 17:45 og 18:15

Ekstra avgangar og stengde haldeplassar for Bybanen 

Det køyrer fem ekstra baner før og etter Lysfesten. Som følgje av at Kaigaten er stengd og vendesporet til Bybanen er i Kaigaten må bybanevognene snu på Nygård under arrangementet. 

Byparken er stengd kl. 15:40-17:30

  • Siste avgang før stenging kl. 15:36
  • Første avgang etter opning kl. 17:36

Nonneseter er stengd kl. 15:40-17:30

  • Siste avgang før stenging kl. 15:37
  • Første avgang etter opning kl. 17:38

Bystasjonen er stengd kl. 15:40-17:15

  • Siste avgang før stenging kl. 15:39
  • Siste avgang etter opning kl. 17:15
  • Etter fyrverkeriet blir gangtunnelen mellom Lille Lungegårdsvann og Bergen Storsenter opna. Kortaste veg til bybanestoppet Bystasjonen er å gå på utsida ved Blomsterpavaljongen og perrong I og rett fram til bybanehaldeplassen. Som følgje av mange reisande og utfordringar med å organisera kø for påstiging vert alle vist til vestsida av bybanestoppet slik som på 17. mai (høgre side når du kjem frå Lille Lungegårdsvann). 

Bybaneavgangar frå Nygård kl. 15:50-17:10

  • Det er avgangar frå Nygård kvart 7.- 8. minutt mellom kl. 15:50 og 17:10
  • Linje 12 og 13 går frå Festplassen K og linje 12, 13 og 21 går frå Bergen busstasjon J til Nygård
Frå Byparken   Kl. 15.49-17.11*                  
Byparken 15.36 - - - - - - - - - 17.36
Nonneseter 15.37 - - - - - - - - - 17.38
Bystasjonen 15.39 - 17.15 - 17.20 - 17.27 17.30 - 17.35 17.39
Nygård 15.41 kvart 7.-8. minutt 17.17 17.19 17.22 17.26 17.29 17.32 17.34 17.37 17.41
Danmarks plass 15.45 kvart 7.-8. minutt 17.20 17.23 17.25 17.30 17.32 17.35 17.38 17.40 17.44
Sletten 15.52 kvart 7.-8. minutt 17.27 17.30 17.32 17.36 17.39 17.42 17.44 17.47 17.51
Nesttun terminal 16.00 kvart 7.-8. minutt 17.36 17.38 17.41 17.45 17.48 17.51 17.53 17.56 18.00
Lagunen 16.08 kvart 7.-8. minutt 17.44 17.46 17.49 17.53 17.55 17.59 18.01 18.03 18.08
Bergen lufthavn Flesland 16.20 kvart 7.-8. minutt 17.56 17.58 18.01 18.05 18.08 18.11 18.13 18.16 18.21

* avgangar frå Nygård

Frå Bergen lufthavn Flesland                   Kl. 15.25-16.40  
Bergen lufthavn Flesland 14.52 14.55 14.59 15.02 15.06 15.10 15.13 15.17 15.20 kvart 7.-8. minutt 16.48
Lagunen 15.04 15.07 15.11 15.14 15.18 15.22 15.25 15.29 15.32 kvart 7.-8. minutt 17.00
Nesttun terminal 15.11 15.15 15.18 15.23 15.25 15.31 15.33 15.38 15.40 kvart 7.-8. minutt 17.07
Sletten 15.21 15.24 15.28 15.31 15.35 15.40 15.42 15.47 15.49 kvart 7.-8. minutt 17.17
Danmarks plass 15.27 15.31 15.34 15.38 15.41 15.46 15.49 15.53 15.56 kvart 7.-8. minutt 17.23
Nygård 15.31 15.34 15.38 15.41 15.45 15.49 15.52 15.56 15.59 kvart 7.-8. minutt 17.27
Bystasjonen 15.33 - - - - - - - - - 17.28
Nonneseter 15.34 - - - - - - - - - 17.30
Byparken 15.36 - - - - - - - - - 17.32