Reiser kollektivt i draumebyen

Publisert: 15.12.2016 Oppdatert: 15.12.2016

I 25 år har Pepperkakebyen i Bergen vore den største peperkakebyen i verda. Store og små i barnehagar, skolar, organisasjonar og i dei mange tusen heimane, baker sine bidrag til å lage draumebyen i gamle Sentralbadet.

Har du gjesta den allereie, har du gjerne sett at Bybanen, bussar og båtar er populære byggeobjekt. Det kan verke som det er fleire kollektivtransportmiddel i Pepperkakebyen i år enn tidlegare, og du finn nesten ikkje bilar i byen.

Steinar Kristoffersen, dagleg leier i Pepperkakebyen er einig.

«Vi har ikkje summert opp tala på dette år for år, men det kan verke sånn, ja. Det er mange bussar, båtar og bybaner her. Spesielt båtar har det vore populært å lage tidlegare også. Her har vi bygget draumebyen, så der reiser visst innbyggarane kollektivt», smiler Kristoffersen.

Pressekontakt Ingrid Dreyer i Skyss er sjølvsagt nøgd med denne utviklinga.  

«Det er utroleg kjekt å sjå at Pepperkakebyen er ein nesten bilfri by. Det må jo bety at mange meiner at den ideelle byen har færrast mogleg bilar i sentrum?», seier Dreyer med eit smil.

Her kan du sjå nokre av dei flotte køyretøya i Pepperkakebyen i år!