Prisnivået i kollektivtrafikken

Publisert: 02.02.2018 10:48:22 Oppdatert: 02.02.2018 10:50:30

Mange lurer på kvifor prisnivået i kollektivtrafikken er som det er. Her er nokre svar.

Vi ser at ein del gjer eit poeng av at billettprisen i Bergen no er høgast i landet. Det er naturleg at ein samanliknar billettprisane på tvers av fylka, men ein må då samtidig vere merksam på at ein ikkje samanliknar «eple og eple», som det heiter. Kollektivtilbodet er ulikt frå fylke til fylke, og billettar kan ha ulik gyldigheit og varigheit. Til dømes varer ein enkeltbillett i Oslo i 60 minutt, mens den i Bergen varer i 90 minutt. Men ikkje minst er det viktig å ta omsyn til at det er til dels svært ulike føresetnader frå fylke til fylke for å drive kollektivtrafikken.

Kvart fylke er ulikt 

Befolkningsgrunnlag og avstandar er nøkkelfaktorar for kva det kostar å drive kollektivtilbodet. Bergen har nest-flest innbyggjarar i Norge, men samstundes er Bergen kommune svært stor i areal (litt større enn Oslo). Hordaland fylke har låg befolkningstetthet og utfordrande geografi med fjordar og fjell, som gjer drifta av ferjer og kollektivtrafikk (inkludert lovpålagt skoleskyss) svært kostbar. Fylkesbudsjettet bærer mesteparten av desse kostnadene. Skyss sitt totale budsjett er på 2,4 milliardar kroner, mens billettinntektene i 2017 var på 764 millionar. Litt avhengig av korleis ein reknar, er det uansett slik at når du kjøper ein billett, så dekker denne berre ein eigenandel i forhold til kva reisa faktisk kostar.

Tilpassa kostnadene

Billettprisene blir normalt justerte kvart år i takt med at kostnadene til drifta aukar. Kostnadene ligg over den generelle konsumprisindeksen. Dersom vi ikkje justerer billettprisene i takt med at kostnadene aukar, må vi redusere kollektivtilbodet for å få budsjettet til å gå opp. I staden har kollektivtilbodet dei siste åra blitt styrkt med fleire avgangar. 

Betre tilbod

Disse betringane i tilbodet ser vi tydelig att i passasjertala, som no har hatt ein samanhengande vekst i ti år. Samtidig syner målingar at kundetilfredsheita aukar år for år. Frå 2016 til 2017 har bergenserane si tilfredsheit med kollektivtilbodet auka med heile 10 prosentpoeng, frå 56 % til 66 % av befolkninga som er nøgd eller svært nøgd med kollektivtilbodet. Både kundetilfredsheita og veksten i reisetala viser at billettprisen ikkje er den viktigaste faktoren for om folk reiser kollektivt. Også frå transportforskinga er det kjent at tilbod, reisetid og frekvens er viktigare enn prisen. Uavhengig av dette ønsker vi å halde prisane på eit lågast mogleg nivå, men vi er nøydde til å ta omsyn til dei ulike kostnadsfaktorane som er nemnt.

Fleire periodebillettar

I 2017 utgjer Skyss sitt sal av periodebillettar nær halvparten av det totale billettsalet på 764 millionar kroner, og 30-dagersbillettane utgjer om lag 40 prosent. Det har skjedd ei ønska vriding frå enkeltbillettar over til periodebillettar dei siste åra. Utviklinga er underbygga med prispolitikken, der periodebillettar har auka prosentvis mykje mindre enn enkeltbillettane. Periodebillettar gir høgare lojalitet hos dei reisande og stimulerer fleire til å la bilen stå, sidan dei allereie har ein gyldig billett.

 

Her kan du lese om pris- og billettendringana frå 1. februar 2018

Slik kan du bruke favoritt i staden for 10 klipp