Pris- og billettendringar frå 1. februar 2018

Publisert: 04.01.2018 13:11:46 Oppdatert: 08.01.2018 12:30:55

Fylkestinget har vedtatt nye prisar for kollektivtrafikken i Hordaland. Endringane trer i kraft 1. februar 2018.

Her er dei viktigaste endringane:

Buss, bybane og Askøyruta

Enkeltbillettar:

  • 17 prosent rabatt på enkeltbillett vaksen blir tatt bort. Denne rabatten har ein tidlegare fått ved betaling med reisepengar på Skysskort eller med mobilkonto i appen "Skyss Billett".
  • Prisen for reiser i 1-2 soner blir ikkje auka, men for ein del reisande vil prisen likevel bli påverka av at 17 prosent rabatten fell bort
  • Prisen på reiser lengre enn 2 soner blir auka med 2,5 prosent
  • 10 klipp blir fjerna som billettype, men dersom du har kjøpt 10 klipp før 1. februar, kan du bruke dei til og med 31. juli 2018. Ubrukte klipp innan denne dato, kan du få refusjon for på kundesenteret.

Periodebillettar:

  • Prisane for vaksen, honnør og student blir auka med 3,5 prosent
  • Periodebillett for barn blir ikkje auka
  • 30-dagers ungdomsbillett blir ikkje auka
  • Gyldigheitstida for periodebillettar blir endra slik at dei no vil vere gyldige frå klokkeslettet ved aktivering til same klokkeslett 7, 30 eller 180 dagar fram i tid. Tidlegare har periodebilletten vart fram til midnatt på utløpsdatoen, uansett kva klokkeslett den er kjøpt på

Dei nye prisane for 1-2 soner. Prisar i kroner 

Billett  Pris 2017 Pris 2018
Enkeltbillett vaksen 37 37
Enkelt billett vaksen – mobilkonto/reisepenger 30,8 37
Enkeltbillett barn/honnør 19 19
Enkeltbillett om bord vaksen 60 60
Enkeltbillett om bord barn/honnør 30 30
7 dager periodebillett vaksen 245 255
30 dager periodebillett vaksen 780 810
30 dager periodebillett barn 365 365
30 dager periodebillett honnør 390 405
30 dager periodebillett student 470 485
180 dager periodebillett vaksen 3905 4045
Ungdomsbillett 365 365
24 timar vaksen 95 95
24 timar barn 50 50

 

Her er fullstendig liste over dei nye prisane for buss, Bybanen og Askøybåten for sone 1-50 

Båt

Prisane blir auka med cirka 2,5 prosent på alle billettypar og alle båtstrekningar

  • 17 prosent rabatt på enkeltbillett vaksen blir tatt bort. Denne rabatten har ein tidlegare fått ved betaling med reisepengar på Skysskort
  • Periodebillett for barn blir ikkje auka

Ferje

Den årlege justeringa av riksregulativet og endring av meirverdiavgifta gjev ein prisauke på om lag 4,4 prosent.