Over 16 millionar kollektivreiser i Hordaland i første kvartal

Publisert: 16.05.2017 09:16:25 Oppdatert: 18.05.2017 08:24:22

Prognoser tyder på at hordalendingane vil gjennomføre over 70 millionar kollektivreiser i 2017. Dette er langt fleire enn tidlegare rapportert.

Dei siste åra har dei kollektivreisande sitt kjøps- og reisemønster endra seg, ikkje minst som ein følge av innføring av mobilbilletten. Samstundes har ein fått på plass utstyr for automatisk passasjerteljing på transportmidla og ein har ved hjelp av dette utstyret komme fram til ein ny måte å rekne ut tal på reisande som visar at auka i tal kollektivreisande er endå større enn ein tidlegare har gått ut frå.

– Det er viktig å merke seg at dei auka tala frå 2016 til 2017 skuldast endring i reknemåte og ikkje ein vekst utover den ein har hatt dei seinare åra. Samstundes er det ingen tvil om at den samla veksten i perioden 2010 til 2017 har vore høgare enn ein tidlegare har rapportert. For Bergen og Hordaland er det svært gledeleg å sjå at endå fleire vel å reise kollektivt enn det vi før har lagt til grunn, seier sals- og marknadssjef i Skyss, Hanne Alver Krum.

Den gamle modellen for å rekne ut tal på påstigande har vore nytta til og med årsrapporteringa for 2016. Denne er basert på billetteringsdata og statistikk for sal, ein faktor for faktisk bruk av periodebilletter i tillegg til valideringsdata.

– I åra frå 2010 og fram til i dag har gapet mellom modell og faktisk tall på reisande etter alt å døme blitt større år for år, med auka bruk av mobilbillett og langt lågare validering av billettar enn før. I Bergensområdet er det nå om lag 60 prosent av kundane som nytter mobilbillett, og desse endringane gjer at tidlegare modell for reisetal ikkje lenger er påliteleg. I den nye modellen er det data frå utstyr for automatisk passasjerteljing som er lagt til grunn, med andre ord har vi gått frå å telje billetter til å telje passasjerar, seier Hanne Alver Krum.

 

 

 

 

Bybanen

  • Første byggjetrinn opna 22. juni 2010
  • Byggjetrinn 2 opna i 22. juni 2013 til Lagunen
  • 15. august 2016 opna byggjetrinn 3 fram til Birkelandsskiftet, og 22. april 2017 heilt til Bergen lufthavn

Buss i Bergensområdet

  • Store omleggingar av busstilbodet i Bergensområdet i 2010 og 2011
  • Auke frå 1 579 547 avgangar i 2015 til 1 619 054 avgangar i 2016, ein auke på 2,5 prosent.