Opna to nye sykkelparkeringshus

Publisert: 09.05.2017 16:05:00 Oppdatert: 18.05.2017 08:24:39

– Det er kjekt at vi har fått sykkelparkeringshus. Eg bur 10 minutt unna, fortel Arild Hermstad. Han var den første som tok sykkelparkeringshuset på Åsane terminal i bruk. Det har plass til 96 syklar og har kosta 1,5 millionar kroner.

To sykkelparkeringshus vart opna i Bergen i dag. Eit på Åsane terminal det andre på Nesttun terminal.

Nestleiar i utval for miljø og samferdsel, Marthe Hammer, opna offisielt begge sykkelparkeringshusa.

– Dei er blitt til gjennom eit spleiselag mellom Hordaland fylkeskommune og Statens vegvesen og skal vere nær terminalane der folk ferdast, sa Hammer.

Nestleiar Marthe Hammer i utval for miljø og samferdsel i Hordaland klippa snora som opna dei to nye sykkelparkeringshusa i Åsane og på Nesttun med hjelp av Inge Edvardsen ved samferdselsavdelinga (t.v.) og eigedomssjef Jostein Fjærestad, begge i Hordaland fylkeskommune.

Tre millionar kroner

Halvparten av utgiftene er betalt av fylkeskommunen og den andre av Statens vegvesen. Total pris for dei to sykkelparkeringshusa er om lag tre millionar kroner.

Sykkelparkeringshusa er opne for alle. Dei er plassert ved terminalane slik at dei reisande lett kan parkere sykkelen og reise vidare. Men det er ikkje eit vilkår for å parkere sykkelen der at du må reise kollektivt vidare.

Det nye sykkelparkeringshuset på Nesttun kan brukast av alle som skal til Nesttun eller reise vidare der frå.

Sjølvbetjent

Tilgang til sykkelparkeringshuset er svært enkelt. Det er sjølvbetjent og blir opna med bankkortet ditt. Ei krone blir trekt. Husa har kameraovervaking og er utforma slik at det er både innsyn og utsyn. I husa kan syklane parkerast i to høgder.

Med dette har Hordaland fylkeskommune bygt fem sykkelparkeringshus i Bergen. Dei tre andre er på kollektivterminalane Vestkanten, Birkelandskiftet og Bergen busstasjon.

Saka er frå Hordaland.no