Nytt kollektivfelt og sykkelveg med fortau i Fyllingsdalen

Publisert: 14.03.2017 08:45:25 Oppdatert: 14.03.2017 15:29:13

No blir det betre forhold for kollektivtrafikk, gåande og syklande langs fylkesveg 540 Fyllingsdalsveien. Tysdag 14. mars vart 1100 meter kollektivfelt og 900 meter med sykkelveg og fortau opna.


Ordfører Marte Mjøs Persen og fungerande fylkesordfører Pål Kårbø på opninga. Foto: Statens vegvesen.

Det nye kollektivfeltet startar ved rundkøyringa i Allestadveien/Fyllingsdalsveien og går vidare nordover til Skarphaugen og heilt til stoppestaden ved Fyllingsdalen vidaregåande skule. I tillegg er det bygd 900 meter sykkelveg med fortau langs Fyllingsdalsveien, med støyskjerm av betong og glas mellom køyreveg og sykkel-/ gangvegar.

For bussane vil kollektivfeltet spesielt gi gevinst i rushet om morgonen og ettermiddagen, til glede for reisande på dei 90 daglege avgangane på linjene 50E, 24 og 47. På strekninga Sandeide – Oasen vil reisetida bli 1 til 3 minuttar kortare.

Tilbodet blir også vesentleg betre for syklistar og gåande. Tiltaket er blant anna til nytte for skoleelevar i området som har denne strekninga som skuleveg. Strekninga mellom Allestadveien og Skarphaugen er ein del av hovudrutenettet for sykkel i Bergen, og den nye sykkelvegen er ei forbetring av standarden på Fyllingsdalsruta, skriv Statens vegvesen i ei pressemelding.
Tovegs sykkelveg og gangveg er på plass på fylkesveg 540 i Fyllingsdalen. Foto: Statens vegvesen. 

Opninga vart gjort av seksjonsleiar i Statens vegvesen, Arild Hegrenæs, og han orienterte om veganlegget. Ordfører Marte Mjøs Persen heldt tale, det same gjorde fungerande fylkesordfører Pål Kårbø, som fekk æra av å klippe snora.

Prosjektet er finansiert gjennom Bergensprogrammet, som er eit samarbeid mellom Hordaland fylkeskommune, Bergen kommune og Statens vegvesen. Programmet omfattar kollektivtrafikktiltak, gang- og sykkelvegar, miljøprosjekt, tiltak på gatenettet i sentrum, trafikktryggleikstiltak og nye vegprosjekt.

 
Foto: Statens vegvesen