Prisendringar for kollektivtrafikken i Vestland frå 1. februar

Publisert: 27.01.2020 Oppdatert: 27.01.2020

Skyss og Kringom endrar billettprisane for buss, bybane og båt frå 1. februar, i tråd med budsjettvedtaket i Fylkestinget for Vestland fylke i desember.

Prisendringane skal dekke dei auka kostnadene som kollektivtrafikken får i takt med prisauken på tenester elles i samfunnet. 

Billettinntektene dekkjer litt under 40 prosent av kostnadene til kollektivtrafikken i Vestland. Pengane frå dei reisande går i sin heilskap attende til drifta av kollektivtilbodet og utgjer ein viktig del av finansieringa av kollektivtrafikken. 

Kollektivtrafikken er heilt avhengig av billettinntektene. Vi justerer prisane våre i takt med kostnadsutviklinga, slik at vi kan oppretthalde det tilbodet vi har.

Skyss (området Hordaland):

Prisoversikt for buss/bybane/Askøyruta frå 1. februar

Gjeld ei sone

Pris

Enkeltbillett

 

Vaksen

kr 39 (60*)

Barn

kr 20 (30*) 

Honnør

kr 20 (30*)

 

 

30-dagarsbillett

 

Vaksen

kr 800

Barn

kr 400

Honnør

kr 400

Student

kr 480

 

 

30-dagars ungdomsbillett

kr 400

* For betaling kontant direkte til sjåfør i sone A, kjem det eit ombordtillegg. Dette er på kr 21 for vaksne og 10 for barn/honnør. 

Endringar i prisstruktur

Vilkåra for familiebilletten blir endra. Ein vaksen med gyldig billett kan ta med seg inntil fire barn gratis i helger og på offentlege fridagar. Tidlegare gjaldt dette berre for personar med vaksenbillett til full pris, men no kan også pensjonistar/uføre med honnørbillett og studentar med studentrabatt ta med seg fire barn gratis på helge- og høgtidsdagar.

Nokre av billettane aukar meir enn vanleg prisjustering. Årsaka er at ein ønskjer ei harmonisering av takstgruppene. Periodebillett for barn blir no 50 prosent av vaksenbillett, slik det er i dei fleste andre fylka i Noreg. I Hordaland har barnebilletten vore litt lågare prisa og aukar difor meir enn indeksreguleringa. Aldersgrensa for barn er 18 år, etter at den vart heva i fjor frå 16 år. 

Ungdomsbilletten aukar frå 365 til 400 kronar månaden for fri reise i heile område Hordaland. Prisen har i ein del år vore på same nivå som periodebillett barn, og dette vert vidareført. Prisen på ungdomsbillett har ikkje vore endra sidan 2017.

Aldersgrensa for studentrabatt blir den same i heile det nye fylket. Heiltidsstudentar får 40 prosent rabatt på periodebillett opptil ein gitt aldersgrense. I Sogn og Fjordane er grensa 30 år, medan den har vore 33 år i Hordaland, med unnatak for buss/tog-billettar, der grensa er 30 år. No blir aldersgrensa 30 år for alle transportformene i Vestland. Er du student og mellom 30 og 33 år, og har kjøpt periodebillett før 1. februar, kan du bruke den ut perioden. Dette gjeld alle billettar kjøpt før 1. februar, du kan nytte dei ut perioden.

Kringom (området Sogn og Fjordane):

Hos Kringom er billettprisane kilometerbaserte. Her blir det ein auke på i snitt 2,5 prosent på buss og båt, både på enkeltbillettar og periodebillettar. For bybuss blir det inga endring. Ungdomsbilletten aukar frå 365 til 375 kroner for fri reise i heile område Sogn og Fjordane.  For flybuss i Førde og Sogndal aukar vaksenbilletten frå 80 til 85 kroner.

Her er prisdøme på enkeltbillett vaksen for ulike reisestrekningar i Sogn og Fjordane:

Strekning

Pris før

Pris etter

Førde-Florø                                   

152

156

Nordfjordeid-Måløy                        

145

148

Måløy-Førde                                  

370

380

Sogndal – Øvre Årdal                    

145

148

Øvre Årdal-Førde                          

380

390

Sogndal – Leikanger                     

70

72

 

Hordaland (Skyss) - Oversikt alle nye prisar i alle soner

Buss, Bybanen og Askøyruta

Enkeltbillett 
Periodebillettar 

Båt

Pristabellar Sunnhordland/Austevoll:
Vaksen  Barn  Student  Honnør  Militær Familie  Gruppe 

Pristabellar periodebillettar Nordhordland:
Vaksen  Barn  Student  Honnør  Militær Familie  Gruppe 

Alle prisar på skyss.no og kringom.no og i alle billettsystem blir oppdaterte 1. februar.