Endringar og prisar for 2017

Publisert: 10.01.2017 16:24:17 Oppdatert: 10.01.2017 16:27:20

I desember vedtok fylkestinget budsjettet for 2017. Prisane for buss, bybane og båt aukar med i gjennomsnitt 2,3 prosent for alle soner frå 1. februar 2017.

I tillegg til prisjusteringa vart følgjande endringar vedtatt:

  • Familierabatten blir endra slik at ein vaksen som har billett til vaksen pris (enkeltbillett eller periodebillett) kan ta med seg inntil 4 barn mellom 4 og 16 år gratis. Dette gjeld berre på laurdagar, søndagar og offentlige fridagar. Familierabatten gjeld berre vaksen og ikkje militær, student, honnør. Den tidlegere ordninga kor ein vaksen på enkeltreise kan ta med seg eitt barn gratis på kvardagar forsvinn. Familierabatten gjeld berre på buss/bybane og Askøyruta – ikkje på snøgg/lokal-båtar.
  • Billett for hund blir fjerna, så alle hundar reiser no gratis.
  • Aldersgrensa for ungdomsbillett blir utvida med 1 år frå 20 til 21 år. Billetten kan kjøpast frå og med fylte 16 år og til og med siste dag du er 20 år og brukast ut perioden.
  • Nattaksten forsvinn. Dette tyder at ordinære prisar gjeld på nattavgangar og at periodebillettar kan brukast.

Her er prisoversikt for 1-2 sonar. Sjå lenger nede for fleire prisar.

Buss, Bybanen og Askøyruta

Båt

30-dagarsbillett buss/tog

Vi tek atterhald om endringar og feil.