Nye perrongbokstavar i Bergen sentrum

Publisert: 13.08.2015 Oppdatert: 13.08.2015

Som eit ledd i å gjere kollektivtilbodet i Bergen sentrum tydeligare og enklare å forstå, blir nokre haldeplassar oppgraderte med blant anna informasjonssøyler. Frå 17. august får dei mest sentrale haldeplassane i Bergen sentrum unik perrongbokstav. Dette gjeld følgjande haldeplassar:

  • Olav Kyrres gate (A-H)
  • Nordahl Bruns gate (I)
  • Christies gate/Festplassen (J-K)
  • Småstrandgaten (L-M)
  • Torget (N-Q)

Nytt kart finn du her

Kartet hengjast opp i skur, visast på sentrale informasjonspunkt og blir samstundes tilgjengeleg på skyss.no. Dei nye perrongbokstavane blir synlege i Skyss sin reiseplanleggar på nett og i app. Det blir mogleg å søke på «Bergen sentrum» som haldeplassgruppe på nett og i app.