Ny måte å kjøpe billettar på!

Publisert: 18.01.2021 Oppdatert: 18.01.2021

Skyss lanserer nettbutikk, og Skysskortet får endra funksjon.

Først av alt: Brukar du appen «Skyss Billett», treng du ikkje lese vidare. Her er det ingen endringar, og du kan bruke Skyss Billett-appen på alle transportmiddel akkurat som før.   

Her er hovudendringane 

  • Ny nettbutikk for kjøp av billettar, kom i gang no
  • Kjøpe enkeltbillettar og 24-timarsbillettar 
  • Kjøpe periodebillettar (7-, 30- og 180-dagars) og ungdomsbillett 
  • Kjøpe billett til andre (for eksempel barn eller besteforeldre) 
  • Betale med bankkort eller Vipps 

Dette kan du ikkje gjere om bord lenger:  

  • Du kan ikkje lenger fylle pengar på Skysskortet (reisepengar)  
  • Du kan ikkje lenger kjøpe periodebillett om bord 
  • Skal du kjøpe nye billettar på Skysskortet, bruk nettbutikken 

Les meir om kva du må gjere dersom du har Skysskort

 
Bakgrunn for endringane  

I løpet av hausten i fjor fekk vi mange nye bussar. Det gamle billettsystemet vårt om bord er bytt ut med nyare teknologi og meir framtidsretta system. 

Alle bussane vil gradvis få nytt billettsystem i løpet av 2021.  

Det er no nesten 80 prosent av våre reisande som nyttar appen «Skyss Billett» for å kjøpe billettar, noko som gjer av- og påstiginga rask og smidig.   

Sidan utskiftinga av utstyret om bord skjer gradvis, må ny og gammal løysing leve side om side ei stund. Har du Skysskort og vil fortsette med det, er det gjennom nettbutikken du kan fylle på kortet framover. I ei tid framover vil det framleis vere mogleg å fylle på reisepengar på billettautomat og nytte dette når du reiser med Bybanen.

Les meir om nettbutikken

Klikk på bildet og sjå video av nettbutikken.

Ta ein kikk på nettbutikken