Ny bussoperatør for Askøy, Sotra og Øygarden

Publisert: 18.06.2019 Oppdatert: 18.06.2019

Fossilfri bussdrift og nytt busstilbod til Stongafjellet.


Her er nokre av dei nye bussane som vil køyre frå 25. juni. 

Den 25. juni blir nytt anbod sett i verk på Askøy, Sotra og Øygarden, og Tide er valt som ny operatør. Det kjem nye bussar, alle med setebelte, og vi set òg inn nokre nye avgangar/linjer. 

Her er hovudendringane: 

Askøy

  • Gjeldande frå 1. juli: Linje 493 blir forlenga til å betene Stongafjellet i rushtid morgon og ettermiddag. Haldeplassane på Stongafjellet er: Stongafjellsvegen, Stongafjellsbakken og Stongafjellet snuplass. Avgangane vil korrespondere med buss/båt til/frå Bergen.
  • På søndagar blir det fleire avgangar mellom Bergen og Kleppestø. Bussen går kvar halvtime store delar av dagen. 

Sotra og Øygarden:

  • To nye linjer blir oppretta: 450E og linje 460E. Desse skal ikkje stoppe mellom Bildøy og Bergen busstasjon. Desse linjene erstattar dei avgangane på linje 450 og 460 som i dag ikkje køyrer om Straume terminal.
  • Linje 453 blir lagt ned, men avgangane blir køyrt av linje 454/455.
  • I tillegg blir det nokre mindre justeringar på avgangstider og køyretider på fleire av linjene.

Sommarruter som gjeld frå 24. juni finn du her

Ingen kortlesar ved bakdøra

På dei nye bussane finn du ingen kortlesar når du går inn bakdøra. Det er no omlag 70 % av passasjerane som brukar mobilbillett, difor blir dei nye bussane levert utan kortlesar ved bakre dør. 

 

Du må difor nytte fremre dør om du har Skysskort med reisepengar, skal aktivere ein ny periodebillett på Skysskortet eller har kjøpt billett i kiosk eller butikk. Alle med mobilbillett kan nytte begge dørene. 


Nye bussar og fornybar energi gjev lågare utslepp lokalt og globalt

Kvaliteten på bussparken får eit godt løft i den nye anbodskontrakten. Alle dei 146 bussane som skal køyre i området, er heilt nye. Bussane går på biodiesel og oppfyller miljøkravet Euro VI, som inneber at dei har svært låge utslepp av nitrogenoksid (NOx) og partiklar. Euro VI-bussar slepp ut mindre mengder NOx enn personbilar. 

Alle bussane er såkalla lågentré (lågt inngangsparti) og blir utstyrte med setebelte. Bussane får også usb-kontakt ved seta, der passasjerar til dømes kan lade mobiltelefon. Bussanlegga blir på Straume, Skogsskiftet og Haugland (Askøy), som i dag.

– Vi gler oss veldig til denne oppstarten. Med nye, meir miljøvennlege bussar og oppgradert rutetilbod trur vi det vil bli eit løft for dei reisande i kommunane i vest, seier direktør i Skyss, Målfrid Vik Sønstabø.


I stolseta på dei nye bussane finn du USB-kontakt kor du kan lade mobilen. 

Miljøløft

Med oppstarten i vest og kommande oppstart av ny busskontrakt i Bergen sør i august, aukar delen bussar med Euro VI-motor i Hordaland frå 35 til 64 prosent frå 2018 til 2019. Skyss forventar at innan utgongen av 2020 vil 95 prosent av bussane i Hordaland oppfylle Euro VI-standarden. Alt drivstoff skal vere fornybart og ha minst 50 prosent lågare klimagassutslepp enn fossil diesel. For å unngå felling av regnskog i drivstoffproduksjonen er det ikkje lov å nytte palmeolje. 

Fylkeskommunen har vedteke å gjere bussdrifta i Bergensområdet fossilfri innan 2020 og i heile fylket innan 2025. Med biodrivstoff og elektrifisering vil fylkeskommunen redusere CO2-utsleppet frå buss i Hordaland med 29 000 tonn frå 2016 til 2025 (64 prosent). Les meir om dette i Temaplan for låg- og nullutsleppsbussar i Hordaland