Endra tilbod og nye bussar i Nordhordland i august

Publisert: 28.02.2018 13:16:58 Oppdatert: 08.03.2018 08:20:35

Ny raskare linje mellom Knarvik og Bergen, kor alle bussane går gjennom Fløyfjellstunnelen.

Skyss har inngått kontrakt med Nettbuss om busskøyringa i Nordhordland. Tidlegare hadde Nobina dette oppdraget. No legg vi siste hand på rutetidene, som vil gjelde frå 16. august.

I samband med innføringa av ny kontrakt, har vi gjennomgått heile busstilbodet i Nordhordland. Målsettinga vår er å gje eit betre, enklare og meir effektivt kollektivsystem der flest reiser. Endringane er tufta på «Kollektivstrategi for Hordaland», som er den overordna strategien for utviklinga av kollektivtilbodet i Hordaland. Alle bussane som blir sett inn i trafikken frå august, vil vere heilt nye. Over ser du teikning av korleis dei blir. 

Hovudtrekk i endringane

  • Endra tilbod mellom Knarvik og Bergen
  • Alle bussar mellom Nordhordland og Bergen går gjennom Fløyfjellstunnelen til Bergen busstasjon
  • Ekspressavgangar stoppar ikkje mellom Flatøy og Bergen busstasjon
  • Forenklingar i linjenummereringa
  • Nye bussar som oppfyller miljøkravet Euro 6 

Detaljer om endringane

Knarvik

  • Ny linje 300 vil erstatte dagens linje 320 og 301 og skal gje ein rask forbindelse til Bergen. Den skal stoppe for på- og avstigning på alle haldeplassar langs traseen. Alle avgangar går om Flatøy for å gje overgang til og frå Meland på linje 340.
  • Linje 300 vil ikkje køyre om Vikaleitet og Nyborg, men vil stoppe på Åsane terminal og vil køyre gjennom Fløyfjellstunnelen.
  • Linje 300E vil få ekspressavgangar i rushtida, utan stopp mellom Flatøy terminal og Bergen busstasjon.
    • Morgon: Avgang kvart 15. minutt i begge retningar. 
    • Ettermiddag: Avgang kvart 30. minutt frå Knarvik og kvart 15./30. minutt frå Bergen.

Austrheim

  • Dagens linje 300 mellom Knarvik og Mastrevik blir delt i to linjenummer: Traseene over Lindås blir linje 330, og traseen over Radøy blir linje 326.
  • Busstilbodet til ferja til/frå Fedje blir som i dag. 

Lindås

  • Linje 301 vil betene Knarvik Skysstasjon og Knarvik kai.
  • Dagens linje 300 mellom Knarvik og Mastrevik blir delt i to linjenummer: Traseen over Lindås blir linje 330, og traseen over Radøy blir linje 326. Linjene 310 og 311 blir slått saman til linje 311.

Masfjorden
Linjene 370 og 371 blir slått saman til linje 370.

Meland
Endring av linjenummer; Dagens linje 341 blir til linje 340.

Radøy
Linje 320 frå/til Manger vil ende i Knarvik (mot tidlegare i Bergen). Den vil korrespondere med linje 300.

Buss til Nordhordlandsbåten

  • Frå Knarvik blir det oppretta ei ny linje 301 som vil gå mellom Knarvik skysstasjon og Knarvik kai, som er tilpassa avgangar og innkomstar for båten.
  • Tilbodet blir som i dag, men med ei ny linje
  • Det blir tilsvarande på Frekhaug med ein variant av linje 340 mellom Frekhaug terminal og Frekhaug kai som er tilpassa avgang og innkomst for båten til/frå Bergen.

Nattbussar
Tilbodet er uendra og vil framleis gå gjennom sentrum.

Nye bussar

Alle dei 84 bussane som skal køyre i Nordhordland er heilt nye. Det blir 52 normalgolvbussar, 22 lav-entré bussar, åtte midibussar og tre minibussar. Alle bussane vil ha setebelte og dei oppfyller miljøkravet Euro 6. Bussane er av typen Iveco.

Her ser du kva linjer som skifter nummer:

 Linjenr.  Erstattar dagens  linjenr.   Strekning 
 300  320, 320E, 301  (Austmarka)-Knarvik-Åsane terminal-Bergen busstasjon
 300E  Knarvik-Bergen busstasjon
 311  310/311  Feste-Lygra-Nappane-Seim-Vatne/Alver-Knarvik
 320  Berre til Knarvik  Manger-Austmarka-Alver-Knarvik
 326  300  Mastrevik-Sletta-Knarvik
 330  300  Mastrevik-Lindås-Knarvik
 340  341  Skjelanger-Rossland-Frekhaug-Flatøy-Knarvik (-Bergen)
 370  370/371  Duesund-Hosteland-(Osavatn-Sleire)-Haugsdal-Sløvåg

 

Frå 1. august 2018 blir det berre 7 takstsoner i Hordaland. Les om det her

Her finn du «Kollektivstrategi for Hordaland»

 

Slik vert traseene for linje 300 og 300E