Snart blir det større båt på Askøyruta

Publisert: 07.02.2017 Oppdatert: 07.02.2017

Det har i lengre tid vore kapasitetsutfordringar på nokre avgangar i rushtida på båtsambandet Kleppestø-Strandkaien. Skyss har no bestilt ein større båt og er i dialog med Norled om dei praktiske tilhøva knytt til dette.

Planen er at MS «Ekspressen» skal erstatte MS «Teisten» på sambandet. Teisten tek 195 passasjerar, medan den nye båten har ein kapasitet på 296 passasjerar.

Det er ei ny forskrift om offentlege anskaffingar som gjer det mogleg for Skyss å få sett inn ein større båt. Anbodskontrakten med Norled varer ut 2017. Tidlegare har Skyss ikkje ønskt å auke tilbodet på grunn av faren for å kome i konflikt med lova, men den nye forskrifta som trådde i kraft frå 1. januar opnar for å gjere større endringar i kontrakten. 

Snart blir MS Teisten bytta ut med den større båten MS Ekspressen mellom Strandkaien og Kleppestø.