No kjem nye bussar til Bergen sør

Publisert: 12.08.2019 Oppdatert: 12.08.2019

Det blir 129 nye, fossilfrie bussar og 60 fleire bussavgangar når ein ny busskontrakt startar opp i Fana, Ytrebygda og Os fredag 16. august.

16. august startar ny busskontrakt mellom Tide og Skyss. Dette medfører nye bussar og nye avgangar for dei reisande i området. Tide Buss AS har fått fornya kontrakten fram til 2030. Austevoll blir ein del av denne kontrakten frå 1. januar 2020. 

Dette blir endringane i rutetilbodet
Dei viktigaste endringane for dei bussreisande i Bergen sør, er at Skyss har lagt inn om lag 60 nye, daglege avgangar, i hovudsak fordelt på følgjande linjer:

  •         Linje 21 Lagunen – Haukeland – Sentrum
  •         Linje 52 Lagunen – Grimstad
  •         Linje 61 Lagunen – Krokeide

Det blir nokre mindre justeringar på avgangstider og køyretider på andre linjer.
Skyss etablerer samstundes ei ny ekspresslinje, linje 600E. Linja vil køyre dagens ekspressavgangar på linje 600. Reiseplanleggaren i appen Skyss Reise og her på skyss.no er oppdaterte. 

Komplette hefte for haustrutene finn du her

Miljøvennlege bussar

Ved ny busskontrakt er det vanleg at bussparken blir bytta ut, og i Bergen sør kjem det 129 nye bussar. Alle bussane skal gå på biodiesel og oppfyller miljøkravet Euro VI, som inneber at dei har svært låge utslepp av nitrogenoksid (NOx) og partiklar.Målingar syner at ein Euro VI-buss faktisk slepp ut mindre NOx enn ein personbil. Når dei nye bussane er i drift, vil andelen bussar med Euro VI-motor i Hordaland auke til 64 %. Skyss forventar at innan utgongen av 2020 vil 95 prosent av bussane i Hordaland oppfylle Euro VI-standarden.

18 av dei brukte bussane vil halde fram i trafikk i ein periode framover. 15 av desse er i Euroklasse V, og tre er i Euroklasse VI.

Fylkeskommunen har vedteke å gjere bussdrifta i Bergensområdet fossilfri innan 2020 og i heile fylket innan 2025. Med biodrivstoff og elektrifisering vil fylkeskommunen redusere CO2-utsleppet frå buss i Hordaland med 29 000 tonn, som er 64 prosent redusjon, frå 2016 til 2025. 


Ved kvart sete finn du to USB-ladare. 

Slutt på bakre kortlesar i dei nye bussane

7 av 10 av alle Skyss-billettar blir kjøpt gjennom mobilappenog reisande som har periodebillett på Skysskort treng ikkje å lese av kortet på kvar reise. Det er difor ikkje naudsynt med to kortlesarar på bussane og den bakre kortlesaren vil ikkje bli å sjå i dei nye bussane. Det vil framleis vere kortlesar ved framdøra, og reisande med skulekort, reisepengar på Skysskortet og enkeltbillett kjøpt i kiosk/butikk må gå inn framme. 

Reisande med aktivert periodekort og mobilbillett kan nytte alle dørene. 

Du kan lese meir om kvifor Skyss fjernar den bakre kortlesaren her

Alle bussane er såkalla lågentré og har setebelte. Bussane har USB-kontakt ved setane, der passasjerane kan lade til dømes mobiltelefonar.