No kan du kjøpe SMS-billett

Publisert: 09.09.2021 Oppdatert: 09.09.2021

Skyss tilbyr no reisande utan smarttelefon eller app å kjøpe enkeltbillett ved hjelp av ei enkel SMS-løysing.

Ordninga gjeld enkeltbillett for vaksen, barn og honnør, til bruk på reiser med buss, bybane og Askøybåten. Ved å sende eit kodeord for ønska billett til telefonnummer 2412, mottek du billetten i form av ein SMS. Prisen for billetten blir belasta mobilrekninga di. Vanlege billettprisar gjeld. Billetten er gyldig på telefonen den er kjøpt på og kan ikkje vidaresendast til andre.

Slik kjøper du SMS-billett:

Send tekstmelding til telefonnummer 2412 og skriv kva billett du vil ha:

  • Vaksen
  •  Honnør
  • Barn

Det verkar også viss du heller vil skrive Voksen. Det speler inga rolle om du nyttar små eller store bokstavar.

På denne måten får du ein billett som gjeld i ei sone. Billetten er gyldig i 90 minutt og startar å gjelde med det same. Dersom du vil kjøpe fleire billettar, må du sende SMS fleire gongar.

Nokre mobilabonnement har avgrensingar på tenester som belastar mobilrekninga. Det gjeld til dømes enkelte abonnement for barn og utanlands telefonnummer. Desse kan ikkje nytte SMS-billett.

Les meir om SMS-billett her.