NB: Feil i radioreklame

Publisert: 29.10.2015 Oppdatert: 29.10.2015

Har du høyrt ein radioreklame med tilbod om gratis reise med Skyss denne veka? I så fall må vi berre beklage. Dette er ein kampanje frå i fjor, som ein av dei kommersielle radiostasjonane ved ein feil har teke inn att på reklamelista si.

Vi er lei for at vi har skuffa dei som ville melde seg på, men håpar at dette ikkje tar frå dykk motivasjonen til å reise kollektivt med oss.