Gler seg over større Askøybåt

Publisert: 28.02.2017 08:34:59 Oppdatert: 01.03.2017 09:36:54

MS «Ekspressen»  vart sett inn i sambandet Strandkaien-Kleppestø frå 1. mars. Foto: Norled

Onsdag 1. mars vart ein større båt sett inn i sambandet Kleppestø-Strandkaien. 

Det har i lengre tid vore kapasitetsutfordringar på nokre avgangar i rushtida på båtsambandet Kleppestø-Strandkaien. No har MS «Ekspressen» erstatta MS «Teisten» på sambandet. Den nye båten kan ta heile 101 fleire passasjerar med på kvar tur, og har ein total kapasitet på 296 passasjerar.

Båten har sitteplassar i to etasjar og ein kan gå ut på dekk under overfarten, noko ein ikkje kunne på MS «Teisten».  

Med på ein av dei første turane var fungerande varafylkesordførar Roald Kvamme og direktør i Skyss, Oddmund Sylta. 

Fungerande varafylkesordførar Roald Kvamme og direktør i Skyss, Oddmund Sylta, tok båten frå Strandkaien til Kleppestø og attende. Foto: Skyss

Begge gler seg over at det lot seg gjere å skaffe ein ny og større båt innanfor avtaleperioden med Norled.

– Det er svært gledeleg at vi no får auka opp kapasiteten på denne båtruta. Dette har vi vore opptekne av lenge, og eg er glad for at reisande til og frå Askøy no får eit enda betre tilbod, seier Kvamme.   

Sylta meiner dette kan bli eit løft for denne ruta.

– Det er flott at vi no får på plass ein større båt på sambandet Kleppestø  - Strandkaien. Våre trufaste reisande får no eit forbetra tilbod og vi er sikre på at dette gir eit nytt løft for denne ruta, seier han. 

No er det vinterferie, så det er nok nokre færre reisande enn vanleg, og denne første dagen var det god plass om bord på avgangen 0730, ein av dei som tidlegera hadde kapasitetsproblem. 

Hilde Steen og Yngve Soltvedt tek båten frå Kleppestø til Strandkaien og attende kvar dag. Foto: Skyss

Passasjerane Hilde Steen og Yngve Soltvedt er strålande nøgde. 

– Vi jobber på Atpi på Nordnes og har sett den nye båten bli vasket og klargjort, så vi var spente på når den kom i drift, seier Steen. 

– Vi ser ofte køen over Askøybroen og er så glade for at vi kan ta denne båten, legg ho til.

Dei er ein gjeng som tek båten fast kvar dag, og dei sit alltid ved same bord. 

– Vi måtte sjekke om det var 6- eller 8-mannsbord, smiler Kvamme. 

– Kanskje skal vi søke Skyss om å få navneskilt på bordet, legg Soltvedt til. 

No trur dei at fleire kjem til å ta Askøyruta når dei veit det alltid er plass.

Det er ei ny forskrift om offentlege anskaffingar som gjer det mogleg for Skyss å få sett inn ein større båt. Den nye båten vil gå heilt til anbodskontrakten med Norled går ut den 31. desember 2017.

 

MS Ekspressen har ein total kapasitet på 296 passasjerar, og du kan og sitte oppe eller gå ut på dekk. Foto: Skyss