Munnbind påbode frå 22. november

Publisert: 19.11.2021 Oppdatert: 19.11.2021

Frå midnatt natt til måndag 22. november er det påbode å bruke munnbind på kollektivtrafikk og på innandørs stasjonsområde når det er fare for at ein ikkje kan halde ein meter avstand til andre.

Dette gjeld i følgjande kommunar: Bergen, Alver, Askøy, Øygarden, Bjørnafjorden, Vaksdal, Samnanger og Osterøy. Påbodet vil gjelde fram til 20. desember.

Det er passasjerane sjølve sitt ansvar å skaffe og bruke munnbind. Sjåfør/mannskap har ikkje moglegheit til å kontrollera dette. Ikkje ta av deg eller kast munnbindet før du er ute av transportmiddelet og har forlate området med trengsel. 

Meir informasjon om munnbind og korrekt bruk finn du på FHI sine nettsider

Helsemyndigheitene anbefaler ikkje munnbind for barn under ungdomsskolealder. Barn under 2 år skal ikkje bruke munnbind.