Miljøkontraktar for nye ferjesamband

Publisert: 31.03.2017 09:54:30 Oppdatert: 31.03.2017 09:56:09

Miljøkontraktar for åtte nye ferjesamband i Hordaland

Hordaland fylkeskommune ved Skyss har tildelt kontrakt for åtte nye ferjesamband i Hordaland. Det vert stilt strenge miljøkrav til dei nye ferjekontraktane, dette inneber ein omfattande reduksjon i CO2-utslepp, forbruk av drivstoff og energibruk. Sambanda er fordelt i tre rutepakkar, og det er inngått ein kontrakt for kvar av rutepakkane.

– Vi er svært nøgde med miljøløysingane ein har kome fram til i de nye kontraktane, seier fungerande fylkesordførar Pål Kårbø. Dei politiske partia i Fylkestinget i Hordaland står samla bak tildelinga. 

  • Rutepakke 2 som omfattar sambanda Jektavik-Nordhuglo-Hodnanes, Skjersholmane-Ranavik, Gjermundshamn-Varaldsøy-Årsnes og Jondal-Tørvikbygd, er tildelt Fjord1. Løysinga inneber høg grad av elektrifisering av samtlege samband i rutepakken.
  • Kontrakt for rutepakke 4, sambandet Masfjordnes-Duesund, er tildelt Wergeland AS. Wergeland AS legg opp til fullelektrisk løysing på sambandet, med ombygging av dagens fartøy. 
  • Kontrakt for rutepakke 5, med sambanda Skånevik-Matre-Utåker, Kvanndal-Utne og Utne-Kinsarvik, er tildelt Boreal Sjø AS. Også denne løysinga vil gi ein høg grad av elektrifisering av alle sambanda som er omfatta.

Dei nye kontraktane for samband i rutepakke 2 og 5 vert starta opp 1. januar 2020, med kontraktslengde på 9+1 år. Rutepakke 4 vert starta opp 1. januar 2019 og har kontraktslengde på 10+1 år.

Karensperiode for tildelinga varar fram til 19. april 2017. Kontraktane vil verte signert etter at karensperioden er over. 

Val av miljøløysing på det einskilde samband vil kunne medføre endringar frå dagens tilbod.

– Ved elektrisk drift kan det på einskilde samband verte behov for lengre liggetid ved kai for lading. Rutetider vil bli fastsett for kvart av sambanda i samarbeid mellom operatør og oppdragsgjevar innanfor dei rammene som låg føre i konkurransegrunnlaget, fortel direktør for Skyss, Oddmund Sylta.

Hordaland fylkeskommune tildelte i oktober 2016 kontrakt til Fjord1 for sambanda Leirvåg-Sløvåg, Fedje-Sævrøy, Hufthamar-Krokeide, Husavik-Sandvikvåg, Hatvik-Venjaneset, Halhjem-Våge og Langevåg-Buavåg. Også her inneber løysinga høg grad av elektrifisering av samtlege samband i rutepakken.

Forhandlingane for sambanda Klokkarvik-Lerøy-Bjelkarøy-Hjellestad og Fjellbergsambandet er enno ikkje sluttførte og kontrakt for denne rutepakken vil såleis bli tildelt på eit seinare tidspunkt. 

Kontaktpersonar:

  • Fungerande fylkesordførar Pål Kårbø, mobil 934 29 063
  • Direktør for Skyss Oddmund Sylta, mobil 932 30 401

Les om Miljøpris til Hordalands elferjer

Illustrasjon på miljøferje. Foto: Fjord 1