Miljøkontraktar for dei siste to ferjesamband i Hordaland

Publisert: 04.05.2017 Oppdatert: 04.05.2017

Hordaland fylkeskommune ved Skyss har tildelt kontrakt for to nye ferjesamband i Hordaland. Etter dette er samtlege 17 samband i Hordaland tildelt. Det vert stilt strenge miljøkrav til dei nye ferjekontraktane, dette inneber ein omfattande reduksjon i CO2-utslepp, forbruk av drivstoff og energibruk.

Dei to siste sambanda som no er tildelt er:

  • Klokkarvik-Lerøy-Bjelkarøy-Hjellestad
  • Fjellbergsambandet (består av anløpa Borgundøy, Fjellbergøy, Skjersholmane, Sydnes og Utbjoa)

Kontrakten for desse to sambanda er tildelt Norled AS. 

– Vi er svært nøgde med miljøløysingane ein har kome fram til i de nye kontraktane, seier fungerende fylkesvaraordførar Roald Kvamme. Dei politiske partia i Fylkestinget i Hordaland står samla bak tildelinga.

Den nye kontrakten startar opp 1. januar 2020, med kontraktslengde på 9+1 år.

Karensperiode for tildelinga varar fram til 15. mai 2017. Kontraktane vil verte signert etter at karensperioden er over.

Løysinga inneber høg grad av elektrifisering av sambanda. Norled har i sitt tilbod forplikta seg til å redusere CO2-utsleppa på desse sambanda med 86 % i høve dagens utslepp. Norled har vidare forplikta seg til å redusere energibruken for desse sambanda med 58 % i høve dagens energibruk.

Val av miljøløysing på det einskilde samband vil kunne medføre endringar frå dagens tilbod.

– Ved elektrisk drift kan det på einskilde samband verte behov for lengre liggetid ved kai for lading. Rutetider vil bli fastsett for kvart av sambanda i samarbeid mellom operatør og oppdragsgjevar innanfor dei rammene som låg føre i konkurransegrunnlaget, fortel direktør for Skyss, Oddmund Sylta.


Det er batteriferjer av typen "Ampere" som vert sett inn i sambanda. Foto: Norled 

Her er eit oversyn over tidlegare tildelingar: 

For rutepakke 1 er kontrakt signert med Fjord1 AS. Rutepakke 1 består av følgjande samband:

  • Leirvåg-Sløvåg
  • Fedje-Sævrøy
  • Hufthamar-Krokeide
  • Husavik-Sandvikvåg
  • Hatvik-Venjaneset
  • Halhjem-Våge
  • Langevåg-Buavåg

For rutepakke 2 er kontrakt signert med Fjord1 AS. Rutepakke 2 består av følgjande samband:

  • Jektavik-Nordhuglo-Hodnanes
  • Skjersholmane-Ranavik
  • Gjermundshamn-Varaldsøy-Årsnes
  • Jondal-Tørvikbygd

For rutepakke 4 er kontrakt signert med Wergeland AS. Rutepakke 4 består av sambandet:

  • Masfjordnes-Duesund

For rutepakke 5 er kontrakt signert med Boreal Sjø AS. Rutepakke 5 består av følgjande samband:

  • Skånevik-Matre-Utåker
  • Kvanndal-Utne
  • Utne-Kinsarvik

Her kan du lese meir om tidlegare tildelingar av ferjesamband