Lysfesten 24. november

Publisert: 16.11.2018 08:00:00 Oppdatert: 16.11.2018 08:00:29

I samband med Lysfesten ved Lille Lungegårdsvann i Bergen sentrum laurdag 24. november set Skyss inn fleire avgangar på buss, bane og Askøyruta (båt).

Vi oppmodar alle om å rekne god tid denne dagen, då det er svært mange som skal reise på same tid. Det kan bli kø og forseinkingar til og frå sentrum i perioden før og etter Lysfesten. 

Politiet vil stenge Kaigaten av tryggleiksårsaker ca. kl. 15.30-17.30. Dette påverkar mest Bybanen, men gir færre konsekvensar for bussane.

Buss

Skyss set inn ekstra bussar på fleire avgangar til og frå sentrum før og etter Lysfesten. Desse bussane køyrer samtidig som avgangar som er oppsatt i rutetabellen/reiseplanleggar.  

Busslinjer som blir endra:

  • Linje 50E: Køyrer Nygårdstunnelen til Bergen busstasjon, og betener ikkje haldeplassen Festplassen. Frå Bergen busstasjon køyrer linje 50E normal trasé.
  • Linje 83 mot Nesttun: Stoppar ikkje i Olav Kyrres gate perrong A. Reisande må nytte Småstrandgaten perrong M (utenfor Xhibition). Dette gjeld avgangane kl. 15.31, 16.01, 16.31 og 17.01 frå Olav Kyrres gate.  
  • Linjer fra Askøy og Sotra: Køyrer Nygårdstunnelen til Bergen busstasjon, og betener ikkje haldeplassen Festplassen. Frå Bergen busstasjon køyrer bussane normal trasé. 

Bybanen

Skyss set inn fem ekstra bybanevogner frå kl. 14.45. Sidan Kaigaten er stengt ca. 15.30-17.30 får Bybanen endra køyremønster. Bybanen vil snu på Nygård i store delar av denne perioden, og betener då ikke haldeplassane Byparken, Nonneseter og Bystasjonen.

Etter Lysfesten står det bybanevogner klare på Bystasjonen, og desse vil køyre frå kl. 17.15.

Haldeplass    Siste avgang
før stenging
   Stengt    Første avgang
etter stenging
Byparken    15:36   15:40-17:35   17:36
Nonneseter    15:37   15:40-17:35   17:37
Bystasjonen   15:39   15:40-17:15   17:15
Nygård    Første haldeplass frå sentrum kl. 15:49-17:11

 

Askøyruta (Båt Kleppestø-Strandkaiterminalen)

Ekstra avgangar frå Strandkaien kl. 17.45.
Ekstra avgang frå Kleppestø kl. 17.30.

Rutetabell Askøyruta

Kjøp billett på førehand! 

Vi anbefaler å kjøpe billett på førehand. Her kan du sjå korleis du kan kjøpe billett.

Sjå informasjon om appen "Skyss Billett"

Hugs familierabatten som gjeld laurdag, søndag og offentlege fridagar. På buss, Bybanen og Askøyruta kan ein vaksen  med gyldig vaksenbillett (enkelt- eller periodebillett) ta med seg inntil fire barn frå 4 til og med 15 år gratis. Barn under 4 år reiser alltid gratis. Familierabatten gjeld på buss i heile Hordaland. 

Vær merksam på at billettar kjøpt på billettautomat og mobil gjeld frå kjøpstidpunktet, medan billetter du kjøper i kioskar eller butikk må aktiverast på kortlesar når du går om bord.

Brann – Odd

Årets siste kamp på Brann stadion er laurdag klokka 18.00, noko som kan skape ekstra trafikk på Bybanen frå sentrum mot Brann stadion i tidsrommet etter Lysfesten. Reisande kan også nytte buss linje 12 fra Festplassen/Bergen busstasjon, linje 2, 3 eller 80 fra Xhibition.

Prisar

Reiseplanleggar