Endra trasé for linje 22

Publisert: 05.08.2016 Oppdatert: 08.08.2016

Frå og med 15. august får linje 22  (Lagunen – Steinsvik – Dolvik – Oasen) endra trasé og vil gå over Sandeidet – Vardeveien – Myrholtet. På kvardagar får linja i overkant av 50 avgangar i kvar retning. 

Desse linjene får fleire avganger: 

  • Linje 50E (Sandsli – Dolvik – Oasen – Bergen busstasjon) blir styrka til ti-minutts frekvens også ettermiddag, samla i overkant av 60 avgangar i kvar retning.
  • Linje 4 (Flaktveit – Hesjaholtet) blir styrka med ti-minutts frekvens i lengre periodar enn i dag, samla omlag 100 avgangar i kvar retning.

Dei reisande frå området har moglegheit for direkte reise til Bergen sentrum med linje 4 og linje 50E. Med linje 22 er det lagt opp til omstiging på Oasen, og avgangstidene til linje 22 er planlagde sånn at dei passar med avganger på linje 50E eller linje 4, så langt dette har vore mogleg. Omlegginga gir noko lengre reisetid, omlag tre minutt, for reisande med linje 22.

Planlegg reisa med Skyss reiseplanleggar

Sjå rutetabellar