Linje 84 leggast mellombels ned

Publisert: 15.12.2014 Oppdatert: 15.12.2014

Frå måndag 5. januar 2015 vert linje 84 mellombels lagt ned. Årsaka til nedlegginga er at ressursane skal nyttast på andre område innan kollektivtrafikken. Det er også planlagt arbeid i Statsminister Michelsens veg i starten av 2015 og vegen vert stengd i ein lengre periode. Dermed vil det ikkje vere mogleg å køyre buss mellom Paradis og Fjøsanger. Alternative haldeplasser i perioden er Fjøsangerkrysset og Paradis. På strekninga mellom Nesttun og Paradis finnast det fleire alternative reisemåtar, til dømes linje 1 (Bybanen), linje 21 og linje 83.

Beklagar ulempene dette medfører.