No veks Bybanen

Publisert: 04.08.2016 12:29:56 Oppdatert: 04.08.2016 13:07:00

Når Bybanen blir forlenga til Birkelandsskiftet frå 15. august og i 2017 heilt til Bergen lufthavn Flesland, er det naudsynt å auke kapasiteten. Hordaland fylkeskommune held difor på å forlenge alle bybanevognene med ti meter. 

Tordag 4. august vart den første av de lange bybanevognene sett i ordinær drift.

Bybanen har no totalt ein vognpark på 28 vogner, kor åtte er nyleverte av lang type på 42 meter, medan dei 20 som i dag er 32 meter lange skal byggjast om i løpet av det neste året. Forlenginga har vore planlagt sidan starten. Ombygginga vert gjort ved å leggje til to modular.

I tillegg blir det gjort fleire mindre endringar som til saman skal redusere reisetida og auke komforten for passasjerane.  Barnevognplassane er endra slik at det på den eine sida kjem kvileputer for ståande i staden for klappseter. Dette frigjer plass til barnevogner og bagasje.  Haldestenger og stroppar er noko endra slik at det blir lettare for ståande å halde seg. Klimaanlegga er forbetra med høgare yting, og motorkrafta i vognene er styrka slik at ein kan akselerere raskare. Maksimalfarten er framleis 70 km/t.

Fleire detaljar

Er du spesielt interessert, kan vi opplyse at Variobahn er ei låggolv bybanevogn som blei lansert i 1993 av ABB. Det er berre denne eine vogntypen vi har i Bergen.

Dei nye 42 meter lange vognene inneheld sju moduler, fire av dei har hjul, kalla boggiar, medan tre av dei er hengemodular. Vognene er ti meter lengre og har to modular meir enn vognene som har trafikkert bybanestrekninga til no. Vognene får eitt ekstra par med dører. I ein 42-metersvogn er det 92 sitteplassar. Den maksimale kapasiteten er 280 passasjerar  mot 212 i dei kortare vognene, men det vi kallar den praktiske kapasiteten, altså kor mange passasjerar det normalt er plass til, er lågare.

Bybanen bruker 750 volt likestraum. Dette er standard for urbane elektriske system som bybaner, t-baner og trolleybuss. Til samanlikning nytter norsk jernbane ein-fasa vekselstraum med spenning på om lag 15 000 volt.

Når bybanevognene ikkje er i drift, bur dei i den nye og moderne vognhallen på Kokstadflaten. Her foregår vasking, vedlikehald og reparasjonar. 

Her kan du sjå ein 60-sekundars video av Bybanen mellom Lagunen og Bergen lufthavn Flesland
(Video av: Bybanen Utbygging / Rune Jenssen)

Les også om: 

Snart går Bybanen enno lengre

Birkelandsskiftet parkeringshus er opna

Nye Birkelandsskiftet terminal opna for buss

Her er den første lange bybanevogna som er sett i drift. Foto: Skyss 

På Kokstadflaten ligg den nye og moderne vognhallen kor alle bybanene kviler seg og vert ført ettersyn med.
Foto: Bybanen AS