Kortlesar bak i bussane vert fjerna

Publisert: 01.07.2019 Oppdatert: 01.07.2019

Sotra, Askøy og Øygarden har nyleg fått heilt nye bussar, og desse har ikkje kortlesar ved bakdøra. Nye bussar blir frå no leverte utan kortlesar ved bakre dør, og i august fjernar vi dei bakre kortlesarane i alle bussane i fylket.

Den fremre kortlesaren ved sjåføren blir verande i bussane. 

7 av 10 brukar mobilen til å kjøpe billett, og det er stadig færre som brukar kortlesarane på bussane. No tar vi derfor vekk kortlesarene bak i dei mange hundre bussane i fylket. På den måten frigjer vi ressursar som vi heller kan nytte på kollektivtilbodet. For å gjere påstiginga så smidig og køfri som mogleg etter endringa, oppmodar vi alle reisande om å bruke den døra som passar best til billettypen ein har.

 

Gå inn framme om du har: 

  • Skysskort med reisepengar/Favoritt
  • Kjøpt billett i kiosk eller butikk
  • Kjøpt periodebillett på Skysskort og skal starte opp/aktivere ny periode
  • Skolekort/Skoleskyss

Kan bruke alle inngangane om du har: 

  • Mobilbillett
  • Skysskort med periodebillett som du allereie har aktivert første dagen for perioden 

I løpet av august fjernar vi kortlesaren ved bakdøra i alle bussar i Hordaland. 

 

Slik kortlesar ved bakdøra finn du ikkje lenger i bussane frå hausten av.