Korona: Skaffe parkeringsoblat

Publisert: 26.03.2020 Oppdatert: 26.03.2020

Dersom du har 7-, 30- eller 180-dagarsbillett (vaksen/student/honnør) kan du parkere bilen gratis på utvalde parkeringsplassar for kollektivreisande. Som bevis på at du har gyldig billett treng du ein oblat i frontruta på bilen din. Oblatordninga gjeld måndag til fredag mellom kl. 06.00-18.00, ikkje helgedagar.

På grunn av koronasituasjonen er Kundesenteret og hittegodskontoret vårt på Bergen busstasjon stengt frå 16. mars og inntil vidare, du kan difor ikkje hente ut oblat der. Det er mogleg å kontakte Kundeservice ved kontaktskjema og få tilsendt oblat i posten, merk at det tek nokre dagar.

Har du Skysskort, kan du hente parkeringsoblat på billettautomat, elles kan du henteut oblat hos nokre butikkar/bensinstasjonar, sjå oversikt her