Skyss ønskjer å ta vare på innbyggjarane og sikre at kollektivreisande ferdes trygt rundt om i fylket. Det gjeld også under koronakrisa. På denne sida har vi samla informasjon om relevante tiltak, ordningar og informasjon for innbyggarar og kollektivreisande i Vestland. Med avstandskrava som gjeld, kan ikkje bussane frakte så mange som normalt.
Munnbind er tilrådd om bord når det er fare for at ein ikkje kan halde 1 meter avstand.
Sjå reiseråda før du reiser
- Unngå å reise kollektivt om ikkje du må
- Dersom du er i karantene, sjuk eller har mistanke om smitte, skal du IKKJE reise kollektivt
- Nytt bakre inngang på bussane
- Ha god hand- og hostehygiene
- Dei som ikkje har arbeid i kritiske samfunnsfunksjonar vert oppmoda om å vike for skoleelevar
- Ikkje gå om bord utan at du ser at det er plass til å halde avstand til andre reisande
Følg reiseråda om bord
-
Hald god avstand til alle rundt deg, også til førar
-
Bruk munnbind når du ikkje kan halde 1 meter avstand
-
Ikkje sitt på avsperra seter
-
Unngå å stå eller sitte ansikt til ansikt
-
Bruk sitteplassar før ståplassar
Dette gjer Skyss for å avgrense smitte
-
Økt reinhald i alle våre transportmiddel
-
Avsperrande fordør og framseter ved førar
-
Avgrensa talet på passasjerar
-
Setene som ikkje skal brukast er merka
Smitteverntiltak for skoleskyssen
Det er eigne nasjonale råd som gjeld smitteverntiltak for skoleskyssen. Desse går fram av rettleiarane for smittevern for skoletrinna.
Reisande med rullestol
På grunn av koronakrisa kan dessverre ikkje førare hjelpe rullestolbrukare i Bergensområdet inntil vidare. Dette gjeld bussar lokalt i Bergen og til/frå Askøy, Øygarden og Os.
Hald god avstand til sjåføren medan han/ho tar ut rampen for deg. Du må sikra rullestolen med stroppar sjølv.
Dersom du treng hjelp til å festa rullestolen inni bussen, må du ha med deg ein assistent (assistenten reiser gratis). Viss dette ikkje er mogleg, ber vi deg ta kontakt med oss slik at vi i samarbeid med operatør kan sjå om vi kan tilby alternativ transport.
Dersom bussen allereie fraktar ein rullestol eller barnevogn, må du venta på neste buss og kontakt oss her
Kjøp og sal av billettar
Hvis du ikkje får nytta periodebilletten din grunna offentlege påbod er det mogleg å søka om refusjon. Les om det her.
Vestland fylkeskommune viser til meir miljøvennlege reisevanar i fylket Takk til dei som velgjer å sykle og gå. Om du likevel må reise, er munnbind tilrådd.
Smittevern i kollektivtrafikken - kven har ansvar for kva?
Ver vennleg å følgje reiseråda frå Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet