Opning av skolar får konsekvensar for kollektivtransporten

Publisert: 08.05.2020 Oppdatert: 29.05.2020

Kan ikkje garantere plass til alle.

Skyss er no tilbake til det vanlege skoleskysstilbodet, slik det var før skolane stengde. Vi gjer alt vi kan for å sikre ei trygg og smittefri reise, og vi har tett dialog med kommunar og skolar. 

Med dei strenge avstandskrava som gjeld, kan vi berre frakte halvparten så mange som vanleg på kvart transportmiddel. Skyss gjekk tilbake til tilnærma vanleg rutetilbod 27. april. Dette tyder at alle bussar og sjåførar som Skyss disponerer no er i trafikk. I tillegg er det sett inn noko supplering i kritiske område.

Vi er avhengige av at så mange elevar som mogleg kjem seg til skolen på andre måtar. Dette har vi formidla i brev direkte til skolane og til foreldra. 

Alle andre reisande bør også unngå å reise kollektivt dersom dei har alternativ. Vi ber difor alle som kan, om å reise på andre måtar eller å fortsetje med heimekontor. 

Fakta om skoleskyss:
I Vestland er det innvilga gratis skoleskyss til om lag 27 000 elevar. Av desse er om lag 22 000 grunnskuleelevar og om lag 5000 vidaregåande elevar.

 

Meir info finn du her