Kollektivdata for Hordaland i Google maps

Publisert: 28.10.2019 Oppdatert: 28.10.2019

No kan du endeleg finne ut korleis du kan reise med buss, båt og bane også i Google maps.

Google tilbyr ei teneste kor leverandørar av rutedata kan eksportere desse dataene inn i Google maps, sånn at det blir mogleg å bruke Google-løysinga til å sjå korleis du kan reise kollektivt.

Skyss har i lengre tid levert data til dømes til Apple maps og Bing. No er dataeksporten til Google klar også.

Du kan sjå avgangstider for kollektivtransport i Google Maps-appen og på nettsida maps.google.com.