Knarvik terminal flytta 14. oktober

Publisert: 25.09.2019 Oppdatert: 25.09.2019

Den 14. oktober flytta Knarvik terminal til E39 ved Knarvik Senter. Terminalen skifta samtidig namn frå «Knarvik skysstasjon» til «Knarvik terminal».

Den nye terminalen består av fire perrongar. Sjå terminalkart og finn ut kor di linje går i frå.

Gangbane

Frå dagens terminal går du i gangtunnel under hovudvegen (E39) og tar til venstre opp mot den nye terminalen. Det vil bli skilta frå dagens terminal og mot den nye terminalen.

Haldeplass "Kvernhusmyrane" i retning mot Bergen

Denne haldeplassen er det berre Fjordekspressen som skal nytte frå 14. oktober. Dei andre linjene nyttar nye Knarvik terminal.

Justeringar i rutetider
Frå 14. oktober blir det òg gjort nokre justeringar på avgangar mellom kl. 14.30-15.30 på kvardagar. Dette gjeld linje 311, 320, 325, 326, 340 og 353. Finn oppdaterte rutetider i Skyss Reise-app eller reiseplanleggar.