Kjære hordalending

Publisert: 22.12.2016 09:50:51 Oppdatert: 22.12.2016 09:54:48

Vi er inne i ei tid med store utfordringar. Bergensområdet har som mål å ha null vekst i biltrafikken. Dette må løysast på mange vis, både med å få fleire gåande og syklande, men det er kollektivtransporten som må ta den største delen av trafikkveksten. Miljøomsyn set nye krav til oss om å levere berekraftige transporttenester, og dei nye ferjeanboda som nyleg fekk miljøpris er eit eksempel på korleis vi må tenkje framover.

I året som snart er omme har det vore mange milepålar, i tillegg til små og store hendingar. Ei av Hordaland fylkeskommune sine viktigaste oppgåver er å gje innbyggarane eit funksjonelt og godt kollektivtilbod, og i 2016 har vi nådd endå ein milepåle for Bybanen. Frå 15. august kunne du ta Bybanen til Birkelandskiftet, og frå april neste år er byggjetrinn tre ferdig og du kan ta Bybanen heilt til flyplassen. 

Busstilbodet er også blitt styrka. I januar sette vi opp 300 fleire daglege avgangar, og frå romjula sett vi inn 120 nye avgangar på laurdagar. Vi vil samstundes gjere det enklare for deg å planlegge reisa, og har nyleg gitt reiseappen vår ei solid ansiktsløfting.

Fylkestinget har nett vedteke at sonestrukturen i fylket skal forenklast. Dette gjer det enklare for deg som reiser, spesielt utanom Bergensområdet, der det etter kvart vil bli tilgang på enklare betalingsløysingar. Nattaksten vert fjerna, og er du ungdom kan du frå februar 2017 bruke den gunstige ungdomsbilletten heilt til du fyller 21 år. 

Skyss gir kvart år ei julegåve til eit godt formål, i staden for å sende ut julekort. I år gir vi 10 000 kroner til Stiftelsen Robin Hood-huset. Du kan lese meir om dei her​.

Vi vil ønskje alle god jul og godt nyttår, og trygge reiser i juletida!

Med venleg helsing

Håkon Rasmussen
Fylkesdirektør samferdsel