Skyss er blitt medlem i ITxPT

Publisert: 03.05.2018 Oppdatert: 03.05.2018

Skyss har meldt seg inn i ITxPT, som er eit europeisk initiativ for å utvikle og implementere sams standardar og praksis i IT-systema for offentleg transport. Kollektivsektoren er i rask endring. Etter som systema vert meir integrerte med kvarandre, er det hensiktsmessig å bruke standardar og å bidra til å utvikle nye løysingar saman med resten av kollektivbransjen.

Som strategisk medlem i ITxPT får Skyss tilgang til prosessar og løysingar, å delta i arbeidsgrupper og å teste ut utstyr og applikasjonar.

For meir informasjon om samanslutninga, sjå http://itxpt.org/